Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Skipsfart
 

 

 
Dei første skipa til Fylkesbaatane
Forfatter: Wilhelm Waage
Publiseringsdato: 10.01.2003

Då Nordre Bergenhus Amts Dampskibe vart ein realitet i 1858, var det D/S «Framnæs» og D/S «Fjalir» som la grunnlaget for selskapet si ruteferdsle i det som no heiter Sogn og Fjordane fylke. Vi skal her sjå korleis tilveret vart for desse to pionerane i ruteferdsla vår. 

Dei vart båe bygde ved Alexander Denny sin verkstad i Dumbarton, Skottland, og var av jern. Dei var skrueskip, eller det vi kallar propellskip, med lavtrykksmaskin, og farten var ikkje all verda. Men det var to etter måten heilt moderne skip som kom i drift kring nyttår, «Framnæs» 2. desember 1858. og «Fjalir» 5. januar 1859. Dei var bygde over same leist og var om lag 240 brutto registertonn. Dei to datoane er dagane då dei byrja rutene sine i eit sers krevjande farvatn, noko båe skipa skulle koma til å få merka «på skrotten». Båe var dei om lag 150 fot lange og 20 fot breie, so dei var det vi i dag vil kalla nokre lange «slok». 


LANGT LIV. D/S "Framnæs" var første skipet til Fylkesbaatane og gjorde teneste i heile 93 år frå det kom i 1858 til det vart selt i 1951.

«Framnæs» og «Fjalir» var bygg nummer 57 og 58 frå Alexander Denny. Verkstaden stengde eit års tid etter. I bladet «Dumbarton Herald» frå 4. november 1858 er sjøsettinga av «Framnæs» omtala: 
Sist torsdag vart det frå verftet til Mr. Alex. Denny sjøsett ein jerndampar med skrue, med dei fylgjande dimensjonane: Lengde 150 fot, breidde 21 fot, djupne 12 fot, tonnasje 275 tonn. Fartyet fekk namnet «Framnæs», og dåpen vart utført av Miss Jowitt. 

2. desember hadde «Dumbarton Herald» ein tilsvarande omtale av sjøsettinga av «Fjalir»: På fredag vart det frå verftet til Mr. Alex. Denny sjøsett ein fin skruedampar. 

Fartyet er bygd for eit norsk selskap, og då det glei ut i sjøen vart det døypt «Fjalir» av Mrs. Rankine, kona til Mr. Daniel Rankine ved Mr. Denny sin motorverkstad. «Fjalir» er søsterskip til «Framnæs» som nyleg vart sjøsett frå same verft for dei same eigarane, og vil bli utstyrt med tanke på ein monaleg passasjertrafikk så vel som varetransport, skreiv den skotske avisa. 

Når vi i dag ser for oss dei to skipa i minnet, so går vi i den fella, at vi trur dei såg ut slik dei gjer på fotos som har vore nytta. Nei, det var nok noko langt enklare som synte seg på fjordane våre den gongen. Det mest korrekte inntrykket får ein om ein tek for seg det målarstykket som ein har av «Fjalir» før skipet vart modernisert i 1894. Her ser ein, at det på hovuddekket er eit oppbygg kring maskina, brua er open, og heilt akter ser det ut til å ha vore det ein kallar eit halvdekk. Bakk hadde skipa heller ikkje, og noko overbygg av noko slag er ikkje å sjå. Men dei var bygde med ein vakker kryssarbaug og hadde «spryd», slik dei stolte seglskipa hadde hatt, so det var stil over dei nye skipa selskapet sette i fart. Og farten for dei to var til å byrje med slik: «Framnæs» tok sogneruta og «Fjalir» ruta på Nordfjord. 

Ser vi på «Framnæs», so vart dette skipet i mange år det som gjekk i ruta på Sogn. noko efter kvart saman med andre skip selskapet fekk og sette inn i ruta. Og hjelp frå andre hadde nok skipet bruk for. Det går fram av ymse rapportar at «Framnæs» var svært nedsliten då det nærma seg året 1900, og på Amtstinget det året vart det gjort vedtak om å selja skipet. På den tida hadde selskapet åtte skip til rådvelde, mellom anna «Alden» og «Kommandøren», og «Firda» skulle koma same året, so ein tykte gjerne at tida var inne til å kvitta seg med det gamle båtmateriellet. 

Slik vart det likevel ikkje. Etter ei mellombels vøla heldt skipet fram i selskapet, men det synte seg etter kvart, at «Framnæs» nok ikkje lenger var rekningssvarande, so skipet vart liggjande i opplag i lange tider. Leidinga måtte no ta ei avgjerd om ein skulle selja skipet eller gjera det skikkeleg i stand til å halda fram i rutene på ein fullverdig måte. Det tok lang tid før ein klarte å verta samde. Først i 1909 vart vedtaket gjort, at skipet skulle setjast i skikkeleg stand, og jobben vart gjort av Akers Mekaniske Verksted i Oslo. 

Det var sikkert mange som meinte at det ville vera betre å kontrahera eit nytt skip, og for dei 102.000 kronene som vøla kosta, kunne ein nok fått nytt skip. Men «Framnæs» vart no óg so godt som ny, mellom anna fekk skipet ny maskin, og tilhøva for dei reisande vart gjort mykje betre enn dei hadde vore. Dermed bar det avgarde på ny med «gamlingen» eller «Cirkushesten» som skipet ög hadde vorte kalla. 

Vi skal ikkje her koma inn på dei uhell eller ulukker som skipet vart råka av, Det vart ein del slike. Og etter kvar ny vøla var det eit betre skip som kom i fart. Ja, etter ulukka i 1913 vart «Framnæs» sett i skikkeleg god stand ved Bergens Mekaniske Verksted og heldt fram i god gamal stil men med stendige forbetringar. 

Diverre vart skipet hardt råka i siste delen av andre verdskrigen. Den 8. november 1944 gjekk allierte fly til åtak på Frøysjøen og skipet vart hardt skada. Fem menneske vart drepne og ni skadde. Dermed vart «Framnæs» liggjande til freden kom. Ein rekna med at selskapet ville kvitta seg med skipet straks, men det fann ikkje stad før 23. juni 1951. 

Ingen hadde vel rekna med at «Framnæs» skulle tena selskapet sitt i 93 år! Det var då det eldste passasjerskipet i landet. Truleg enda det sine dagar som jarnbitar i Antwerpen, 


OPPHAVELEG UTSJÅNAD. 
Dampskipet "Fjalir" på eit måleri signert Gerh. Dahl, slik det og systerskipet "Framnæs" såg ut i sine første år. 
Begge skipa vart seinare vølte og ombygde fleire gonger i si lange levetid. 

D/S «Fjalir» skulle koma til å få ei meire fargerik livssoge enn den vi har fortalt om «Framnæs». Vel var dette systerskip, og vel var dei båe pionerar med heimehamn i Bergen, men i alderdomen skilde dei lag. 

Som vi har nemnt vart «Fjalir» sett inn i rute på Sunnfjord og Nordfjord medan «Framnæs» tok seg av Sogn. Etter som dei to skipa var so å seia heilt like, so var det nok berre namnet som no til å byrja med avgjorde kor skipa skulle gå. Etter som åra gjekk kunne ein nok sjå dei i heile rutedistriktet. Heller ikkje når det gjeld «Fjalir» skal vi gå i detalj når det gjeld uhell og skader, men ein lyt vel vedgå, at det i alle fall ikkje var lettare å sigla på kysten enn i Sognefjorden. 

Det var minst like stor slitasje på dette skipet som på «Framnes». Ja, fram i 1890-åra får ein eit inntrykk av, at folk flest rekna skipet som gamalt og utslite. 

No hadde «Fjalir» i 1874 fått bygd om den tosylindra dampmaskinen sin på 75 nominelle hestekrefter til høg- og lavtrykk. 
Truleg var farten den same som før, nemleg 9 mil. Og ved den store vøla som ein var nøydd å kosta på seg 1894, vart nok mykje retta på, men framleis hadde skipet open bru, og det hadde det so lenge selskapet vårt eigde skipet. Etter som åra gjekk vart det byte av kjel og ombygging fleire gonger. og «Fjalir» heldt fram i trufast fart til 1940. Då såg ikkje selskapet anna råd enn å kvitta seg med skipet, som vart seld til Jacob Kjøde A/S, som skulle nytta oldingen til losjiskip. 

Men å liggja i ro var skipet lite van med, so det var sikkert ikkje lei seg då det vart kalla inn til teneste for Fosenbåtane i Trondheim. Kva tid dette fann stad veit vi ikkje for sikkert, men det vi veit er, at skipet ikkje var populært. Det fekk oppnamn som «Fia-lir», «Kaldflir» og «Fjøset», fortel ein trønder. 

I 1944 vart skipet seld til Haugesund Dampskipsselskap, som kalla den gamle dama «Brandasund» og sette henne inn i ruta på ytreleia Haugesund - Bergen. Den 20. april 1944 låg skipet ved Bradbenken i Bergen og fekk kjenna den store eksplosjonen på nært hald. Det vert fortalt, at skipet vart lyfta opp og slengt inn mot kaia so kraftig, at det vart bøygt i heile si lengde. 
Natthuset (kompasset) vart funne heilt inne på Torget, noko som i seg sjølv ikkje var so rart, for heile overbygginga på «Brandasund» var blesen av. Men alt same dagen gjekk skipet frå Bergen for å reparera ved verkstaden i Haugesund. 

Alle var no klar over, at so snart krigen var over ville den trugne sleparen «vandra heden», noko som likevel ikkje fann stad før hausten 1948, då Brødrene Anda i Stavanger kjøpte han og laga han til lektar! Lever skipet framleis? Vi veit ikkje. Det vi veit, er at båtar med so lang levetid byggjer ein ikkje lenger. 

Når det gjeld dei to skipsnamna, so skulle det gå 140 år frå den første «Framnæs» fekk måla namnet på skipssida til Fylkesbaatane fekk det andre skipet med det same namnet. Heilt same namnet vart det no forresten heller ikkje, for då selskapet tok over «Origo Reefer» sist haust, so vart det skipet kalla «Framnes», altso med E og ikkje Æ. Ja, språket endrar seg det ög sjølvsagt. Dette skipet er det største selskapet har hatt. Det vart bygt i Danmark i 1979 og er på 1.778 tonn dødvekt. So det gamle skipsnamnet har kome på ei gasta skute! 

«Fjalir»-namnet låg ubrukt frå 1940 då den første «Fjalir» vart seld, til 1947, då Fylkesbaatane tok over eit mindre lasteskip som hadde vore i tysk eige sidan det vart bygd i Nederland i 1939. Etter ombygging til kombinert last / passasjerskip i 1948 gjorde skipet god nytte for seg heilt til 1979, då ein valde å kvitta seg med det i staden for å reparera det etter store skader. 
Det vart seld til eit reiarlag i Fredrikstad, som rigga det ned og let det få namnet «Sapo III». Det tridje skipet som fekk namnet «Fjalir» var ei 40-bilars ferje som Fylkesbaatane fekk bygt ved Løland Verft i Leirvik i Sogn i 1974. Denne ferja er framleis i selskapet si eige og har vore ein tru slepar heile tida. Den går i dag i samhandet Rutledal - Rysjedalsvika - Krakhella i ytre Sogn. 
----------------------------------- 
Kjelde: FSF - Fjord og kyst1999 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal