SOS
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 19.02.2005
I
eteren er SOS det internasjonale naudsignalet. Det fortel at fartøyet
er trua av alvorleg og overhengande fare. Signalet består av ei gruppe
morse-teikn med tre prikkar, tre strekar og tre prikkar.
Signalet ··· - ···
vart, etter forslag frå Tyskland, godkjent på det internasjonale
radiotelegrafimøtet i Berlin i 1906. To år seinare vart SOS
offisielt godkjent ved internasjonale overenskomstar.
Bokstavane SOS vert ofte tolka som ei forkorting for det
engelske "Save our souls" eller "Save oh save", men dette er neppe korrekt.
Det er lite sannsynleg at signalet har nokon tilknytning til alminnelege
uttrykk. |