Dei
første store rederia
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 23.11.2003
Eit moderne passasjerskip som kryssar verdshava med fleire
tusen passasjerar, er i kvar minste detalj ei utstilling av teknikkens
siste utvikling på praktisk talt alle felt.
Den tilfeldige og romantiske sjanseseglasen som måtte
prege skipsfarten i segl- og treskutene si tid, måtte erstattast
av rutine og presisjon i dampen- og stålets tidsalder. Dei nye skipa
krevde langt større kapital enn dei gamle. Det førte til
at det oppstod mektige dampskipsselskap, særleg i Storbritannia.
Det første av dei var Peninsular and Oriental Steam
Navigation Company, forkorta til P. & O. Co. Rederiet vart stifta i
1837.
Det første rederi som opna transatlantisk passasjertrafikk,
var Great Western Steamship Company med damskipet "Great Western" i 1838.
I 1840 blei Cunard-selskapet starta. Dette selskapet hadde
stor kapital og var støtta av den engelske stat, mot at skipa i
krigstilfelle skulle kunne utrustast til hjelpekryssarar. Alle Cunard-linja
sine skip har hatt namn som enda på "-ia", inntil tradisjonen tok
slutt med "Queen Mary".
Den store tyske konkurrenten gjennom mange år, Hapag
(Hamburg - Amerikanische - Paketfahrt A-G), blei starta i 1847, men det
skulle gå 10 år før dei fekk sitt første dampskip.
Det franske rederiet Compagnie Générale
Transatlantique kom tidleg med, men mange av dei andre kjende kjemperederia,
som White Star (med skipsnamn som enda på "-ic", gjorde seg gjeldande
langt seinare.
Vårt første store dampskipsrederi Bergenske
Dampskibsselskap vart starta i 1851, medan dei to leiande, Fred Olsens
og Wilh. Wilhelmsens, begge var seglskipsrederi som la om til damp i 1880-åra.
Etter langvarig strev fekk vi vår eiga Amerika-linje,
og farten starta i 1913 med dei to nybygde skipa "Kristianiafjord" og "Bergensgjord". |