Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Skipsfart
 

    

     
Trafikksentralane langs kysten
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 11.01.2005

Det norske fastland har ei kystlinje på ca. 83.000 km, inkludert øyar. Svalbard har ytterligare 9.000 km strandlinje. Dette tilsvarer meir enn to ganger omkretsen rundt ekvator. 

Trafikksentralane er det sentrale verktøyet for koordinering av trafikkovervåking og trafikkontroll i Noreg. 

Dei som jobbar på ein trafikksentral har tre hovudoppgåver: 

1. Sjå alle skipsbevegelsar registrere og identifisere 
2. Være i løpande dialog med skipstrafikken 
3. Reagere og aksjonere når ein situasjon krev det 


Fedje Trafikksentral 

Fedje trafikksentral på Fedje i Nordhordaland dekkjer området frå Sognesjøen i nord, til Hjeltefjorden ved Sture i sør. 
Trafikksentralen vart etablert i 1992 og har hovudoppgåver knytta til oljeutskipinga frå Sture og Mongstad-terminalane. 

Kvitsøy trafikksentral er plassert i Kvitsøy Kommune i Rogaland. Den dekkjer området frå Bømlafjorden i nord til Jærens rev i sør. Trafikksentralen vart etablert i 2003. 

Ved trafikksentralen vert det utprøvd ein ny kombinasjonsstilling der dei tilsette vekslar mellom å gjere teneste som trafikkleiar og los. 

Vidare vert det prøvd ut landbasert losing frå Kvitsøy eit konsept der utvalgte skip vert losa frå trafikksentralen i staden for at los går om bord. 

Brevik trafikksentral ligg ved Brevikstraumen i Porsgrunn kommune. Den dekkjer innseglingane til det omfattande industriområdet i Grenland, der store delar av skipstrafikken består av gasstankarar og fartøy med annan farlig last. Brevik trafikksentral er den eldste og vart etablert i 1978 på grunn av petrokjemiutbygginga på Rafnes. Ei særskild dispensasjonsordning i forhold til losplikta gjeld for området. 

Horten trafikksentral er plassert i Horten havn. Den vart etablert i 1999 og har som ansvarsområde farvatnet frå Færder og inn til Spro / Steilene på Nesodden. Farvatnet innanfor dette området har Oslo havn trafikksentral ansvaret for. 

Vardø trafikksentral
Stortinget har beslutta at Kystverket skal byggje og drive ein trafikksentral i Vardø. Den vert planlagd å være i operativ drift i 2007. I framtida vil den dekkje trafikkovervåkinga i nordområda, frå Barentshavet til Lofoten ved hjelp av radarovervåking, skipsrapportering og AIS (Automatic Indentificaton System). 
........................................................ 
Kjelde: kystverket.no 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal