Kvifor ser vi Månen om dagen ?
Tekst: Scandion
01.07.08
Nokre gonger kan vi sjå Månen sjølv
om himmelen er heilt blå og det er midt på dagen og strålande
solskinn. Burde ikkje Månen berre være synleg etter solnedgang
?
Tida då Månen står opp og går
ned skiftar etter kvart som Månen bevegar seg rundt Jorda. Vi kan
derfor sjå Månen både om dagen og om natta, men det må
være klårvér.
Det er altså ikkje slik at Månen står
opp når Sola går ned. Faktisk skjer det berre ved fullmåne,
når Månen står diamentralt motsett av Sola. Fullmånen
står høgast på himmelen rundt midnatt.
Ei veke etter fullmåne, når ein seier at Månen
er i det siste kvarteret (halvmåne), står den først
opp ved midnatt. Den kulminerar rundt klokka seks om morgonen og går
ned ved middagstid. Då kan vi sjå den klårt om morgonen
og formiddagen.
Ved nymåne står Månen vendt mot Sola
og har skuggesida mot Jorda, slik at vi ikkje kan sjå den. I dagane
før og etter nymåne kan ein sjå den smale stripa som
betyr at Månen er minkande eller veksande.
Ei veke etter nymåne står Månen aust
for Sola og kan sjåast som ein halvmåne. Den er no i det første
kvarteret og står opp klokka 12. Den er på topp klokka 18 og
går ned ved midnatt. Det er som regel denne fasen ein ser i klårt
vér. |