Lyset
frå verdsrommet
Tekst: Scandion
02.07.08
Med verdas største kikkert har astronomane fotografert
galaksar som ligg milliardar av lysår borte. Bileta viser dei altså
slik dei såg ut for milliardar av år sidan.
Ja, sjølv lyset av den spiralgalaksen som er vår
næraste nabo i verdsrommet har vore på veg i over to millionar
år, og vi ser den slik som den var før det enno fantest menneske
på jorda.
Vårt melkeveisystem er berre ein av verdsrommet
sine milliardar galaksar. Dei kan være spiralforma som vår
galakse, kuleforma, elliptiske eller heilt uregelmessige. Vår galakse
inneheld ca. 100 milliardar stjerner, og sett utanfrå har den diskosform.
Tverrmålet er 100 000 lysår, og den største tjukkelsen
er 10 000 lysår. Utanfor vår galakse, i mange millionar lysårs
avstand, ligg tallause andre galaksar.
Ei stjerneklår vinternatt kan vi skue djupt ut i
verdsrommet. Kanskje ser vi vår næraste nabo månen som
nymåne, og kanske ser vi planeten Mars, stjernebildet Tyren og ei
stripe av den skimrande Melkeveien. Alt vi veit om verdsrommet har lys
og radiobølgjer fortalt oss.
Lyset brukar omlag eit sekund frå månen til
oss, og det kryssar planetsystemet på ein dag. Men frå den
næraste stjerna har lyset brukt 4 år. Vi seier at stjerna er
fire lysår borte. Når vi ser på stjernehimmelen ei vinternatt,
får vi inntrykk av at stjernene ligg svært tett. Men faktum
er at dei ligg ufatteleg spreidd. Avstanden mellom dei må målast
i lysår.
Eige lys
Stjernene lyser med eige lys, og er soler - som vår
eiga sol. At dei ikkje ser meir lyssterke ut enn planetane, skuldast at
dei er mange millionar gonger så langt borte. Stjernene i eit stjernebilde
kan synast å liggje i same plan, men dei ligg som regel i svært
ulik avstand frå oss.
Reflekterande lys
At vi kan sjå månen endå den er kald
og mørk, skuldast at den kastar sollyset tilbake. Ved nymåne
står den mellom sola og jorda, og vi ser berre ei smal stripe av
den solbelyste sida. Ved fullmåne ser vi heile den sida som vender
mot jorda.
Planetane sender heller ikkje ut eige lys, men reflekterar
berre sollyset. Mars kretsar omkring sola utanfor jordbana, og vi ser derfor
alltid ein stor del av den solbelyste sida. Merkur og Venus kretsar derimot
mellom jorda og sola, og viser derfor faser på same måte som
månen. |