Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Utvandring
 

    

 
Den største folkevandringa i historia 
Forfattar: Scandion.

Den oversjøiske utvandringa i det 19. og starten av 20. århundre er den største folkevandringa historia kjenner til. I løpet av vel hundre år flytta millionar av menneske, mest europeere over hava til nye land og nye heimar. Utvandringa gjekk til Australia, Afrika og Amerika. 

Landet som var målet for dei fleste, var Sambandstatane. Dit reiste 24 av 38 millionar utvandrarar frå Europa i tida frå 1800 til 1908. 

Dersom vi vil forstå utvandringa frå Europa til Amerika, må vi være klar over befolknings - forholda. I det 19. århundre voks folkemengda i Europa raskare enn nokon gong før. Samtidig var det ein svært rask økonomisk framgang, men likevel var det alltid ei viss spenning mellom folketilvekst og næringsmulegheiter. 

Amerika var svært tunt befolka. Det var få menneske til å utnytte alle dei veldige naturrikdommane. Det var rike leier av kol, jern og oljeråstoff som den tekniske og økonomiske utviklinga i det 19. århundre bygde på. Her var koppar, sølv og gull og uendelege vidder av fruktbar, udyrka jord. 

Behovet for arbeidskraft til å utnytte alle desse rikdomane var stort. For å utvikle dei raskt trongst det folk til å bryte kol og støype jern, til å dyrke opp jorda og skape den om frå villmark til kulturmark, til å binde det store landet saman med vegar, kanalar og jernbaner. I dette arbeidet tok utvandrarane del. 

Amerika trekte mennesker til seg som ein veldig magnet. Arbeidskrafta utanfrå hjelpte til å utvide produksjonen både i jordbruk og industri. Markedet vart større, og i neste omgang vart det brukt endå fleire menneske. Næringslivet utvikla seg som ein spiral i stadig større ringar, og den økonomiske framgang var langt raskare i Amerika enn i Europa. 

Også på den andre sida av Stillehavet merka folk korleis Amerika lokka, og korleis ekspansjonen i det amerikanske næringsliv trekte arbeidskraft til seg. Kinesarar og japanarar utvandra, inntil amerikanerne tok til å bli redde konkurransen frå den billige arbeidskrafta frå Østen, og vedtok lover som stengde dei ute. 

Det norske Amerika blir til. 

I denne veldige utvandringa var også nordmenn med. Rett nok utgjorde utvandringa frå Noreg ikkje meir enn knapt 2% av den samla utvandringa frå Europa, men sett i forhold til folkemengda i landet var den svært stor. Frå 1865 var Irland det einaste landet i Europa som hadde større utvandring enn Noreg, til Italia rykte forbi i 1890-åra. 

Det første utvandrarfylgjet drog frå Noreg 4. eller 5. juli 1825. Det besto av 52 menneske ombord på ein liten slupp på omkring 38 tonn - Restauration. 
Sluppen egna seg ikke nettopp til atlanterhavsfart, og den fekk også ei eventyrleg reise. Den gjorde ein sving heilt ned til Madeira. Med nød og neppe unngjekk den å bli skoten i senk av festningskanonene i Funchal, og først 9. oktober kom den fram til New York. Då var antallet ombord auka til 53. Ei lita jente vart født på Atlanterhavet. 

I New York vart dei norske utvandrarane teken imot av Cleng Peerson. Han var sendt i forvegen for å sjå på landet, og det var etter hans råd utvandrarane kom. Difor er Cleng Peerson seinare kalla - den norske utvandringens far. 

Nokon regelmessig utvandring kom ikkje i gang frå Noreg før i 1836. Men frå det året drog emigrantskipa ut frå norske hamner kvar einaste vår, like sikkert som snøen smelta i dalane, og trekkfuglane kom attende. I den første tida drog utvandrarane over med seglskip, og dei heldt seg sjølv med mat og utstyr på reisa, som kunne ta opptil tre månader. 

Vi får eit inntrykk av det som skulle til, når vi høyrer korleis tre brør, som utvandra frå Bergen i 1851, hadde utstyrt seg. 
 

- Av klær hadde kvar av dei 4 nye vadmelskledningar, 12 vadmels underbenklær, 12 vadmels underskjorter, 12 striskjorter, 24 par strømper, 3 åkler og 3 nye kvitlar. Matforsyninga var felles for alle tre, og bestod av 16 spekekjøttlår, 4 fleskeskinker, 6 bismerpund smør, 120 lefser, 80 leiver flatbrød, 8 skjepper poteter, 7 våger skipskavring som vart kjøpt i Bergen, 2 skjepper erter, 1/2 skjeppe heimemalt rug og 2 anker med heimelaga øl. Dessutan hadde dei med ein del kaffe, sukker, sirup og forskjellige andre ting. 
Ei tønne sur mjølk nekta kapteinen dei å ta ombord. Den eine av brødrene vart svært oppbrakt over det, og meinte at då ville han ha avslag i frakta, for når han ikkje kunne få såpass som litt sur mjølk til grauten, kunne ikkje skipet vente å få full betaling heller. 

I andre halvdel av 1860-åra vart seglskipa i emigrantfarten utkonkurrert av dampskipa. I dei neste åra reiste storparten av dei norske utvandrarane over Liverpool med britiske dampskip. Seinere frakta den danske Thingvallalinjen mange nordmenn over havet. 

Ei norsk dampskipslinje for passasjertrafikk til Amerika vart grunnlagd alt i 1870-åra, men den klarte seg berre nokre få år. I 1911 vart endeleg Den Norske Amerikalinje stifta, og sommaren 1913 dampa Kristianiafjord for første gong over havet. 

Tida fram til 1865 var grunnleggingsperioden i norsk utvandrings historie. I denne tida festa bevegelsen rot over heile landet. - Amerika-feberen greip om seg, sa folk. På midten av 1860-åra var det ikke eit fylke og knapt nok ei bygd som ikke leverte sin kontingent av utvandrarar. I 1866 starta masseutvandringas tid. 

I løpet av det neste halve århundre utvandra nesten 700 000 mennesker frå Noreg. Meir enn 95 % av dei sette kursen for Amerika. Folkemengda gjekk attende i mange bygder i Noreg i denne perioden, og det skyldast for ein stor del utvandringa. Vi må heller ikkje gløyme at det samtidig gjekk føre seg store flyttningar innanfor landets grenser, og det forklarar tilbakegangen enkelte stader. 

Utvandringa gjekk i bølgjer. Den første bølgja rulla fram i åra 1866-73. Omkring midten av 1870-åra var utvandringa liten. Då var det dårlege tider i Amerika, og vanskeleg å få seg arbeid. I 1879 kom ei ny bølgje- den største i vår historie. I løpet av 15 år utvandra vel ein kvart million nordmenn. 
Endå ein periode voldsom utvandring fekk vi i første tiår av 20. århundre, men tala var på veg nedover då første verdskrig braut ut. Under krigen var det liten utvandring, og nokre få år etter at den var slutt, vedtok Sambandstatene lovbestemmelsar som innskrenka utvandringa frå alle europeiske land. Noreg fekk berre ein liten kvote, som vart enda mindre seinere. 

Medan Sambandsstatene stengde døra for europearane etter første verdskrig, tok Canada framleis imot dei med åpne armar. 
Mange nordmenn drog dit i 1920-åra, og storparten av dei slo seg ned som jordbrukarar på prærien. Under depresjonen i 1930-åra stoppa utvandringsstraumen nesten heilt. 

I våre dager er det nok ein del som prøver lykka i Amerika, men den store folkevandringa er slutt. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal