Vedunderlandet i vest
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 23.02.2005
Med pakkhestar og overdekka vogner - "prærieskonnertar"
drog nybyggarane under uavlatelege farer over kontinentet mot det jomfruelege
prærielandet, og endå lenger mot vest.
Den første frå Europa som gjekk i land i
Amerika var Leiv Eirikson, omkring år 1000, medan Christofer Columbus,
som kom fram til Bahamasøyane 12. oktober 1492, blei den som la
grunnlaget for europeiske koloniar. Amerika blei opprinneleg kalla \"Den
nye verden\", men blei i 1500-åra oppkalla etter den italienske oppdagelsesreisande
Amerigo Vespucci.
USAs eineståande historie er skapt av to store faktorar
som virka saman. Den første var Nord-Amerika sitt rike kontinent
mellom St. Lawrenceelva i nord og grenseelva Rio Grande i sør. Den
andre var den vesteuropeeiske sivilisasjonen, som vart ført med
folkestraumen over Atlanterhavet gjennom tre hundreår av den største
emigrasjonsbevegelsen verdshistoria kjenner til.
Dei europearane som kom til Amerika, var fri for hemmande
band frå sin eigen kulturtradisjon. Det stod dei heilt fritt å
forkaste eller behalde det dei meinte var viktig frå den åndelege
arven dei førte med seg til sitt nye fedreland. I det nye landet
kunne dei ta eit fritt val, byggje opp ein kultur og skape nye kulturformar,
som ikkje var eit resultat av utviklinga i Europa.
Landet hadde enorm rikdom; åkerjord, umåtelege
forekomstar av mineral og metall, skog og beiter. Det gav grunnlaget dei
trong for å bygge ein økonomisk grunnvoll for ein ny nasjons
liv, framgang og velstand. |