Aksla
Foto: Scandion
Tar du beina fatt dei 418 trinn lange trappene frå
byparken mot toppen av byfjellet Aksla, har du frå restauranten Fjellstua
og utsiktspunktet "Kniven" (140 m.o.h.) ei imponerande utsikt over byen,
skjærgarden og mot dei karakteristiske sunnmørsfjella. Du
kan også køyre bilvegen Borgundveien/Fjelltunveien helt
opp.
Vidare innover fjellet er det godt merka turstiar fram
mot utsiktstårnet Rundskue 200 m.o.h. Her står ei statue av
Kristofer Randers (1851-1917). - fjellvandraren, naturelskaren og
lyrikaren - som gjennom reisehandboka “Søndmøre”, som han
skreiv på oppdrag for Ålesund-Sunnmøre Turistforening
i 1890, spreidde kunnskap om distriktet og Sunnmørsfjella som han
var så glad i.
Statua
av Kristofer Randers er laga av billedhoggar Arnold Martin Haukeland (1920-1983.
Arbeidet med statua vart gjort i 1948-49 og sett opp i 1951.
Les meir om Kristofer Randers HER |