Ganger
Rolf
Foto: Scandion
Ganger Rolf, vikingen frå den historiske øya
Giske utanfor Ålesund erobra og grunnla Normandie i Frankrike der
han blei hertug i år 911.
Ganger Rolf hadde på vikingferd kommando over mange
hundre skip og tusenvis av menn. Då han i 911, for andre gong kom
til Frankrike, blei den franske kongen Karl den Enfoldige så skremt
at han ga Ganger Rolv det området i nordvestre Frankrike som fekk
namnet Normandie, fordi det blei overteke av nordmenn.
I 1911, i forbindelse med 1000-års festen til minne
om denne hendinga, fekk Ålesund den 2,65 meter høge bronsestatua
i gåve frå byen Rouen. Statua står i byparken.
Ganger-Rolv, son til Ragnvald Mørejarl, var oldefar
til Wilhelm Erobraren, som erobra England i 1066, og han er difor også
stamfar til det engelske og norske kongehus.
I utlandet er Ganger Rolf mest kjent som Rollo, og det
er i dag tre kjente statuer av han.
Originalen står i Rouen, og dei to kopiane er i
Byparken i Ålesund og i Fargo i USA.
Ganger Rolf døydde i 933
|