Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Aukra
Aukra Kyrkja
 

   

    
Aukra Kyrkje 

På Øya Gossen, der størstedelen av innbyggjarane i Aukra bur, stod det ei stavkyrkje på 1430-talet.
Det gjorde Gossen til eit kyrkjeleg sentrum for store delar av ytre Romsdal. 

Vel 200 år seinare innhenta forfallet stavkyrkja - og den vart i 1648 påbygd med ei halv korskyrkje.
Slik stod så den restaurerte stavkyrkja i vel 60 år - til den vart råka av eit lynnedslag og brann ned i 1709.

Ei ny korskyrkje vart satt opp i 1712 - og som, utruleg nok, brann ned pga lynnedslag i 1772.
Det same skjedde med kyrkja som vart bygd i 1774. Den brann i 1834. 

Den noverande kyrkja, oppført i 1835, er ei åttekanta tømmerkyrkje med våpenhus og kor. 
Klokka er frå 1865, og kyrkja fekk i 1879 eit orgel i gåve frå Bård Iversen, opprinnelge julsunding. 
Orgelet blei utskifta i 1995.

Kjelde: Aukra kommune 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal