Kvernes
kyrkje
Foto: Scandion
Like ved prestegarden, frå gamalt av Mørejarlens
rike, ligg Kvernes kyrkje og Kvernes stavkyrkje side om side. Nyekyrkja,
som vart bygd i 1893, er ei langkyrkje i tre med 420 plassar. Arkitekt:
Thoresen, A.
Dei to kyrkjeklokkene i stavkyrkja vart tekne i bruk i
nyekyrkja i 1893: den minste er frå 1546 og omstøpt i 1927,
den største er ei "Olavs-klokke" med relieff av helgenkongen, og
er frå 1793. Av anna inventar frå stavkyrkja kan nemnast kalk
og disk i sølv, messing lysekrone og to trearma lysestakar i messingfrå,
alt frå 1600-talet. Altartavla er ein kopi av eit bilete måla
av Christen Brun med motiv Krossfestinga. Interiøret i kyrkja vart
restaurert i 1964 under leiing av kunstmålar Ola Seter, Halsa. Glasmåleri
av Herlofson vart samstundes innsett. Kyrkja fekk nytt orgel i 1988.
Kjelde: kulturnett.no
|