Atlanterhavsvegen
Tekst: Scandion
Publiseringsdato: 29.12.2006
Atlanterhavsvegen er ein spektakulær veg- og bruforbindelse
i havgapet mellom kommunane Averøy og Eide på Nordmøre
i Møre og Romsdal. Vegen vert ofte kalla «Kystens Trollstigveg».
Storseisundbrua. Foto: Scandion.
Atlanterhavsvegen er 8274 meter lang og går over
8 bruer; Vevangstraumbrua, Klipabrua, Hulvågbrua, Myrbærholmbrua,
Storseisundbrua, Geitøybrua, Storlauvøybrua og Litllauvøybrua.
Vegen avløyste ferjesambandet mellom Ørjavik
og Tøvik i dei to kommunane.
Dei totale konstnader med veganlegget kom på 122
millionar kroner (1989 kr).
Atlanterhavsvegen. Foto: Scandion.
Finansieringa vart gjort ved 50% riksvegmidlar, 25% sysselsettingsmidlar
og aksjekapital samt 25% bompengar.
Arbeidet med Atlanterhavsvegen starta 1. august 1983 og
vegen vart opna for trafikk 7. juli 1989. Veg- og bruforbindelsen gjorde
området meir attraktivt og tilgjengeleg både for turistar og
lokalbefolkninga. Atlanterhavsvegen vart i 2005 kåra til århundrets
byggverk av det norske folk.
Tekniske spesifikasjonar - seglingshøgde i parantes.
Vevangstraumbrua - 119 meter (10m)
Hulvågbrua - Klipabrua - Myrbærholmbrua (3
bruer) 293 meter (4m)
Storseisundbrua - 260 meter (23m)
Geitøysundbrua - 52 meter (6m)
Storlauvsøybrua - 52 meter (3m)
Liltlauvøybrua - 115 meter (7m)
Foto: Scandion.
Friluftsaktivitet
Atlanterhavsvegen er meir enn veg og bruer. Parker bilen
og gå nokre få meter til dei finaste fiskeplassar. Dra i land
nokre sei som du grillar på eit bål ved sjøkanten -
eller kos deg på ein av dei fine badeplassane i området.
Landskapet egnar seg godt for sykling. Kvart år
vert Atlanterhavsrittet arrangert, eit løp som samlar syklistar
frå heile Noreg. Det årlege Atlanterhavsløpet er populært.
Her er det også ein eigen trim-klasse.
Denne minnestøtta over omkomne på havet
står like ved Storseisundbrua. Foto: Scandion.
|