Kristiansund
kommune
Foto: Scandion
Oppretta
som eigen kommune i 1742
Kommunenummer
: 1505
Fylke
: Møre og Romsdal
Administrasjonssenter
: Kristiansund
Flatevidde
: 87 km²
Folketal
: 22661
Målform
: Bokmål
Kristiansund ligg på tre øyar rundt ei av
Noregs beste og vakraste naturhamn. Hamna har tre innløp og dei
fire bydelane (som kallast land) er Innlandet, Gomalandet, Nordlandet og
Kirkelandet. Dei tre øyane er bundne saman av bruer og har i tillegg
forbindelse med ein rutegåande liten passasjerbåt.
Kristiansund blei grunnlagt og fekk sin status av den
dansk-norske Kong Christian VI i 1742, men det har budd folk her ute i
10.000 år (Fosnakulturen). Byen har hatt tømmereksport, silde-
og fiskeindustri, verftsindustri og trålarflåter som vesentlege
næringar opp gjennom tidene. Men det var som produksjonsstad og eksportør
av klippfisk Kristiansund gjorde seg kjent. Denne perioden strekte seg
frå 1600 - 1950 talet. No er Kristiansund baseby for olje- og gassverksemd
utanfor Midt Noreg.
1. januar 2008 vart nabokommunen Frei slått saman
med Kristiansund. Samenslåinga blei avgjort ved folkeavstemning i
begge kommunane 22. mars 2004. Avgjerda om samanslåing av kommunane
skulle egentleg vore ein kongelig resolusjon sidan dette er ein beslutning
av ”Kongen i statsråd”. Når kronprinsen leiar Statsrådet,
blir dei resolusjonar som blir fremma, kalla Kronprinsregentens resolusjonar.
Vedtaket om samenslåing av Frei og Kristiansund er difor ein ”Kronprinsregent
resolusjon” sidan det var Kronprins Haakon som leia statsråd fredag
27. mai. 2004.
Den nye kommunen fekk navnet Kristiansund.
Kjelde : Kristiansund kommune. |