Kirkelandet
kyrkje
Foto: Scandion.
Søndag 10. desember 1961 la biskop Tord Godal (1909-2002)
ned grunnsteinen til Kirkelandet kyrkje som blei vigsla 24. mai 1964.
I 1957 leverte arkitekt Odd Østby to konkurranseutkast
til ny hovudkyrkje i Kristiansund. I konkurranse med 76 andre utkast stakk
han av med både første og tredjepremien. Dei spanande vinklane,
den heilt særeigne symbolbruken og den dristige arkitekturen bryt
med all tradisjon for kyrkjebygg, - men gir meining til ideen og vinnarutkastet
"Bergkrystall i roser".
Kunstnaren Gunnar S. Gundersen har utforma den 30 meter
høge fondveggen og korset. |