Nordlandet kyrkje blei vigsla i 1914. Kyrkja er i jugendstil
og som byggjematrialet er det brukt hogd stein frå staden. Altertavla
er frå 1700-talet og har stått i ei tidlegare kyrkje i Kristiansund.
Alterbibelen er frå 1632. Glassmaleria og veggdekoren er av Emmanuel
Vigeland.