Aker
Stadion
Foto: Scandion
Aker Stadion er eit moderne fotballanlegg med 11.167 sitjeplassar,
som også er den totale publikumskapasitet. Anlegget, til ein prislapp
på 212 milionar kroner, er finansiert av Kjell Inge Røkke
og Bjørn Rune Gjelsten.
Arkitekt for Aker Stadion har vore Kjell Kosberg, Molde.
I fasadane finn vi granittstein og glass. Granitten er henta frå
Portugal og er i to ulike fargar, ein lys og ein mørk. Fasaden mot
stadion er av aluminiumskassettar.
Opningskampen var 18. april 1998 der Molde slo Lillestrøm
4–0.
Anlegget skifta namn frå Molde Stadion til Aker
Stadion 3. mai 2006.
Kjelde: http://www.mfk.no |