Næringliv i Smøla kommune
Tekst: Scandion
18.07.08
Smøla kommune har vedtatt ein langsiktig plan for
næringsutvikling, der betydelege ressursar er avsett for å
kunne nå målet om at kommunen i 2020 skal ha eit stabilt, variert
og verdiskapande næringsliv på naturen sine premissar.
Næringslivet har tradisjonelt vore innan primærnæringane
landbruk og fiske. Dette har over tid endra seg og næringslivet består
i dag også av bedrifter innan områder som; oppdrett og foredling,
mekanisk industri samt bygg og anlegg. Utbygging av Smøla vindpark
har medført ei ny næring med stabile arbeidsplassar. Reiselivsnæringa
er veksande med eit stort utviklingspotensial. Vidare eitt breidt tilbod
innan service ved butikkar, SPA, frisør og liknande. Smøla
kommune er den største arbeidsplassen i kommunen.
OMSTILLINGSKOMMUNE
Sidan 2001 har Smøla hatt status som omstillingskommune,
og Omstilling Smøla har hatt ein posisjon som
sentral samarbeidspartnar for eksisterande næringsliv
og nyetablerarar - som, på mange måter, har fått ein
positiv oppsving som ein konsekvens av målretta
satsing under omstillingsstatusen.
2. november 2006 vedtok kommunestyret ein strategisk næringsplan
for 2007 - 2020. I planen vert det peika på
kva satsingsområder som skal være i fokus
i åra framover. Som ei vidaresatsing vart det, 6. februar 2007,
vedtatt å opprette Smøla Næringssenter
KF.
Smøla Næringssenter KF blei oppretta 1. april
2007, og er ei vidareføring av næringssatsinga gjennom seks
år som omstillingskommune. Frå 1. september 2007 har næringssenteret,
som har kontorlokaler i kjøpesenteret på
Hopen, vore fullt bemanna med tre tilsette.
VINDKRAFT
Smøla vindpark I og II er Nord-Europas største
landbaserte vindpark, bygt av Statkraft i perioden frå 2001 - 2005.
Det er blitt eit flott anlegg som både kommune og eigaren Statkraft
er stolte av.
I 2002 opna Kong Harald V Smøla vindpark I, og
Smøla blei den første store vindkraftkommunen i Norge.
Hausten 2005 opna Gro Harlem Brundtland Smøla
vindpark II.
Vindparken består av 20 turbiner på 2 MW og
48 turbiner på 2,3 MW. Dette gir ein installert effekt på 150
MW og årsproduksjon på rundt 450 GWh. Det tilsvarer eit normalt
forbruk for 20.000 husstander.
Total investering kom på vel 1,2 mrd. kroner. I
Smøla vindpark arbeider det i dag omlag ti personer i eit
eige administrasjonsbygg. Vindmøllene er opptil
70 meter høge og har eit vingespenn på inntil 80 meter.
VERTSKAP FOR VINDKRAFTINTERESSERTE
Som den første vindkraftkommunen i Norge har Smøla
tatt på seg store oppgåver, bl.a. som vertskap for alle
som ønsker å lære meir om vindkraft.
Smøla kommune har eit svært godt samarbeid med kraftverkseigaren
Statkraft, og saman kan ein ønske velkommen til det første
store "vindkraftlaboratoriet" i Noreg.
Kjelde: Smøla kommune |