Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Nordhordland
Kulturminne
 

    

     
Bilo og bruksmåten
Forfatter: Arne Høyland
Publiseringsdato: 28.03.2006

For tida arbeider eg litt med å registrera gamle biler (breidøks), eller det som på gamalt strilamål kallast for bilo. Bilo vart mykje nytta til å øksa bygningsmaterialar, flaggstenger o.l med. Særleg er mange gamle bygningar som løer, naust, utløer o.l. ofte bygd av materialar som heilt eller delvis er øksa eller skanta til på plassen med ei bila. 

I fjor vår var eg så heldig at eg fekk kjøpa ein litt stor furustokk hjå han Egil på Bakko og så fekk eg han Bjørn på Bryggjo te å bruka bilo si på stokken, til å øksa ein stor firkanta stav til meg. Eg tok då ein del bilete tå han Bjørn medan han arbeidde med bilo. 

Har du kommentar til informasjonen kan du sende den til arhoy@online.no


Bjørn har strekt snor på stokken og skore inn små loddrette stikk langs etter snorstreken med ei sag. Deretter brukar han bilo til å øksa vekk små bitar av gangen. Foto: Arne Høyland. 


Etter å ha grovskanta fyrste sida på stokken med bilo, går han over att med bilo og finpusser sida. No vert overflata ganske slett og fin, slik me ofte finn det på stavar og betar i gamle løer o.l. Foto: Arne Høyland. 


Slik held han fram med å skanta til alle fire sidene på stokken slik at han til slutt har fått ein fin firkanta bjelke som kan brukast til stav eller noko anna i eit bygg. Bilo som Bjørn brukar er ein ny kopi av ei bila frå Øvstedal i Voss. Foto: Arne Høyland. 


Foto: Arne Høyland. 


Foto: Arne Høyland. 


Foto: Arne Høyland. 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal