Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Nordhordland
Kulturminne
 

   

   
Funn av gamle snedband med dekor og symbol
Forfatter: Arne Høyland
Publiseringsdato: 21.04.2006 21:05

Det er no gjort eit nytt funn av ein gamal stav med eit spesielt snedband som etter mitt syn truleg skriv seg frå ei tidlegare tømmerkyrkje i Nordhordland, truleg Manger. Dette er tredje varianten av ein alderdomleg snedbanddekor som er registrert i Nordhordland. 

Hausten 2005 dokumenterte eg og Ola Storsletten, NIKU, for Riksantikvaren eit liknande snedband som har stått i ei tidlegare kyrkje i Modalen, ( sjå NIKU sin upubliserte rapport 8/2005) og i 2000 dokumenterte eg for NIKU sitt forskningsprosjekt ”Grindbygde hus i Vest-Norge” eit liknande snedband som har stått i Sæbø kyrkje. 


Gamalt snedband frå Sæbø kyrkje. Foto: Arne Høyland. 

Det var heilt tilfeldig at eg no fekk sjå dette ”nye” snedbandeksemplaret og på den måten fekk gjera eigaren og myndigheitene merksam på det. 

No er situasjonen slik at løa med snedbandet frå Sæbø kyrkja er under sterkt forfall og løa med snedbandet frå Manger kyrkje skal rivast/brennast . Eg vil difor foreslå at antikvariske myndigheiter snarast går ut i felten og får dokumentert og sikra desse spesielle materialane , det er berre snedbandet frå kyrkja i Modalen som frå før er skikkeleg dokumentert og som er omtalt i Ola Storletten sin før nemde NIKU-rapport. 

Den 04.01.05 sende eg brev til Fylkeskonservatoren i Hordaland og varsla om løa med det spesielle snedbandet frå Sæbøkyrja, men så langt eg veit er det ikkje gjort noko for å dokumentera og sikra det. Eg har i dag send nytt brev til Fylkeskonservatoren, Riksantikvaren, m.fl. og vonar no at nokon av dei antikvarisk ansvarlege vil prioritera dokumentasjon og sikring av desse to spesielle snedbanda på Radøy som ikkje er dokumentert og sikra skikkeleg. 


Snedband frå Modalen kyrkje. Foto: Arne Høyland. 


Snedband frå Modalen kyrkje. Foto: Arne Høyland. 


Snedband frå Manger kyrkje. Foto: Arne Høyland. 


Snedband frå Manger kyrkje. Foto: Arne Høyland. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal