Anfinn Iversen
- slik vi alltid vil hugsa han
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 08.11.2006 22:45
Kven har ikkje høyrt om Anfinn Iversen - eller
Anfinn - som han vart kalla heile tida han reiste med båtane våre.
Anfinn var ikkje gamle karen før han fann vegen ned på Murekaien,
der han fekk køyra vinsjen når båtane låg og lasta
inn om ettermiddagane. Han gjekk på Rothaugen skule, men så
snart skuledagen var slutt la han på spranget ned til båtane
«sine».
Anfinn Iversen er fødd i det gamle huset til Harald
Helgesen på Veland, der han voks opp tett ved sjøen. Båtane
- og bylukta som fylgde desse - var livet i fulle drag. Det var dei største
opplevingane hans når båtane kom, og han kjende kvar einskild
på fløyta lenge før han kunne lesa. Men i 7-års
alderen tok faren huslyden med seg til Bergen, og no vart det bygut av
han Anfinn. Båtane gløymde han ikkje likevel. Dei måtte
han sjå kvar einaste dag.
Gamle Jakob Vabø frå Hundvin var direktør
i Lindås-Masfjorden Dampskipsselskap på den tida. Direktørstillinga
var ein attåtjobb. Hans daglege yrke - eller metier som det heiter
på fint mål - var butikkstyrar hjå Fosse i Muren. Han
la snart merke til den kvikke ungguten som kom kvar dag, og det gode handelaget
han hadde med vinsjen. Så ein dag sa Vabø til han at du får
koma til oss, du Anfinn. Og slik gjekk det. Han hadde ikkje før
fått prestehanda på hovudet sitt før han melde seg til
teneste.
Fyrste vinteren var det «Masfjord» han reiste
med. Men då våren kom, kom også «vårteiknet»
i rute. Det var gamle «Horden», og Iversen flytte no køykleda
over til denne båten, der han fekk lugar heilt framme under dekk.
«Horden» var liten og smekker, og ingen skarpsiglar.
I god medvind kunne han vel gjera vel 8 mil når han tok ut alle kreftene.
Men han kom seg fram, og bygdefolket var glade i han. Mange minne knytte
seg til båten. Og når han vart sett i rute då visste
dei at våren og sommaren var i kjømda.
Mannskapslugarane var små slik også båten
var det. Tre mann måtte bu i same lugaren. Dei to eldste fekk køyene,
medan yngstemann måtte liggja på benken. Lufta kunne nok verta
tjukk inne, så hadde det ikkje vore for dei lange vaktene og de få
frivaktene, ville vel ein eller annan ha vorten kjøvd. Men kven
tenkte på slikt når ein var 15-16 år, og hadde heile
livet liggjande framføre seg.
Iversen veksla mellom «Horden», «Lindås»,
«Masfjord» og «Austrheim». På den siste båten
fekk han eigen lugar, og det var ein stor ting. Rett nok var det billettkontoret
han måtte nytta til lugar, så mykje trakk og uro vart det nok
på frivaktene. Iversen hadde no vorte billettør på skipparvakta,
og medan han sov overtok styrmannen billettveska og pengane. Denne vart
«gøymd» i messa. Det var lite pengar mellom folk, men
stor ærlegdom. Difor hende det ikkje at noko kom bort, eller at nokon
forsynda seg på innhaldet.
I 1933 fekk Iversen «huva», som dei sa. Då
vart han styrmann, som den gongen ikkje var nokon heilårsjobb. Så
snart ferietida var over var det å gå attende til billettørjobben.
Men då den nyinnkjøpte «Solstrand» kom, vart Iversen
fast styrmann på denne.
«Solstrand» vart kjøpt av Midthordlandske
Dampskipsselskap i 1935, og hjå oss fekk han namnet «Lygra».
Båten var stor og rommeleg, og hadde eit ope turist- eller soldekk
atterut. Dette vart Iversen sin båt. Fyrst som styrmann, men då
kaptein Albert Hodneland reiste til Amerika straks etter krigen for å
busetja seg der, vart Iversen fast førar. Han fylgde båten
under heile krigen, under ombygginga i 1946-47, og førde han i alle
dei åra oppbygginga av B.K.K. sine anlegg i Masfjorden fann stad.
Det var ei hard tid, men Iversen og folka hans synte ein sjeldan vilje
og dugleik til å få sjølv dei største og tyngste
kolli fram.
Anleggsarbeidarane var heller ikkje lette å hanskast
med når dei kom attende frå dei store helgeferiane. Då
fekk Iversen bruk for den umåtelege styrken sin. Dei verste bråkmakarane
vart gjerne surra til masta eller ein annan fast gjenstand, men dei spakna
når dei fekk stå der i sjøskvett og frost ei tid.
Dei siste åra Iversen reiste hjå oss førde
han «Melanddrott». Så vart det nokre år på
kontoret der han løyste av Johannes Duesund, som slutta som avdelingssjef
etter oppnådd alder.
Iversen kom også godt frå denne jobben. Men
vi trur nok at hugen stod til sjøen like til han slutta, ja endå.
Men no fekk Iversen realisert ein gamal draum. Han kjøpte seg fyrst
eit nes, så ein holme, og båe desse ligg ute i Rongeværet.
Her sette han sett seg opp ei triveleg hytte, og her levde han villmann
heile sommarhalvåret. Men det beste av alt - han hadde fullt utsyn
til leia - og kunne fylgja kvart einaste farty med augo når dei gjekk
inn eller ut fjorden.
Iversen er ein mann med godt humør, omgjengeleg
som få, og har store evner og anlegg til å fortelja og levandegjera
det han har vore med på. Då vi no emna på dette bladet
bad vi han fortelja om «Midthordland» sitt forlis, ei av dei
hendingane han hadde vore med på i si lange sjømannstid. Dette
hendet sit nok spikra fast i minnet, og vi gjev her att soga:
Det var ein gråvers laurdag i april månad
i 1934. Lindås-Masfjorden Dampskipsselskap hadde leigt «Midthordland»
ei tid, og denne dagen skulle båten gå i rute til Fedje - Byrknesøy
- Furnes. Vanleg avgangstid frå Bergen var kl. 14,30, og normalt
ville ein vera framme ved Furnes rundt midnatt.
Det var litt av ein tur dei hadde dei som skulle reisa
dit den gongen. Båten gjekk fyrst i full Fedjeruta, så over
fjorden til Byrknesøy, tok til att å gå på søraust
til Sandebygda, inn Brandangersundet til Fivelsdal, og så endeleg
fram til Furnes.
Dagen var som ein vanleg laurdag flest, bra med last og
reisande. Rett før båten kom til Lygra banka det på
døra til Iversen sin lugar. Han hadde frivakt og låg og strekte
seg på køya. Det var Reinhardt Rudolfsen frå Lygra som
kom inn. Rudolfsen hadde ord på seg å vera «synsk»,
og såg ofte ting som kom til å henda. Denne dagen kom han for
å åtvara Iversen, og han sa: «No ska eg seia deg noke,
Anfinn. Du ska vera veldig varsam i kvedl, for eg ha sett at båten
ikkje kjem frabm te endestasjonen».
Iversen ville vita meir, men Rudolfsen sa: «Me snakkast
øve heljæ». «Så kjem no ikkje eg bort då»,
sa Iversen, og dorma vidare.
Kvelden kom. Det var månemørkt, regnyr, stor
landskugge og liten sikt. Ruta var så og seia ferdig. Sandebygda
var tilbakelagd, og no bar det inn Brandangersundet til Fivelsdal. Så
var det berre denne stoppestaden og rett til Furnes, der ein kunne få
gå til ro.
I byssa gjekk «trisa» - ho Anna og dei to
døtrene hennar, Hildur og Margrethe - og leita etter ein omnsring.
Det merkelege hadde hendt: Omnsringen som skulle brukast til kaffikjelen
var bortkomen. Ingen kunne finna han. Gjentene var sure og søvninge
etter ein lang dag, men mora var unådig. Det skulle vera orden i
sakene. Ringen skulle vera på plass og kjelen klar til frukosten
neste morgon. Og så leita dei vidare.
I maskinromet var det lognt og varmt. Maskinen arbeidde
traust og roleg. Farten var nomal, godt og vel 9 mil. Maskinisten såg
på klokka, ho synte 23,05. «Vi er snart i Fivelsdal no»,
grynta han. Kvar augneblink kunne telegrafen gje melding frå brua,
og då måtte ein vera klar med hovudventilen. Roleg drog han
fram snusøskja og fylte godt innpå. Fyrbøtaren tørka
seg med sveitteduken etter at han hadde brote opp fyren og slengt nokre
sleiver inn i fyrgapet. Han tenkte på kona og alle borna. No hadde
dei vel lagt seg, og var vel longe sovna. Ja, ja, det var eit bask å
få endane til å møtast, men fekk han berre vera frisk
så skulle det nok gå. I del siste vekene hadde han kjent seg
noko trøytt og sliten.
Men det gjekk vel over. Han fekk ta ein dag om senn,
og no var snart denne dagen slutt. Så hadde han no natta og neste
føremiddag til å kvila seg på.
Ut frå «floren» kom ein av matrosane.
Han hadde nett vore inne og gjeve eit par smågrisar varm mjølk.
Grisungane skulle ha vore lossa på Fedje, men diverre vart dei gløymde
der. Han hadde fyrst erga seg over at del skulle ha grisungane ombord heile
helga, så i eit lite sinne hadde han spent til kassen. Men som den
godhjarta mannen han var - og den pliktoppfyllande - skulle ikkje grisungane
svelta eller lida naud medan han og selskapet hadde dei i si varetekt.
Han hadde ansvaret for dei, og så fekk det heller våga seg
om han fekk dette ekstrabryet. Grisane var no godmette og velnøgde,
og han hadde endå til stått ei lita stund og klått dei
bak øyro og godprata med dei før han stengde døra
for natta.
På brua stod kapteinen sjølv. Det var den
nygifte Albert Hodneland, og denne helga hadde han den unge kona si med
seg. Han hadde kjempa på heile vegen for å koma snøgt
fram til Furnes, slik at kvelden og natta kunne verta litt lenger saman
med henne som hadde vorte han så kjær.
Ein løynd smil gleid over andletet. Han gledde
seg til natta. Rormannen styrde. Han hadde ingen annan ting å gleda
seg til enn å få sova. Og det skulle bli godt. Veka hadde vore
lang. Arbeidstida var aldri under 63 timar, men det hende også at
ho kunne vera oppe i 84.
Eit lys kom fram or nattedimma. Det var lyset frå
kailykta på Fivelsdal. Hodneland let enno båten gå eitt
minutt rett fram, så gav han ordre om hardt styrbord. Rormannen tok
oppatt ordren, og båten svinga. No bar det rett på lykta. Var
det augo som bedrog kapteinen? Var ikkje lykta litt høgt oppe for
å vera kaien? I mørker og regnyr ter alt seg meir uklårt
enn i godver, og båten heldt fram etter same støde kursen.
Då small det. Baugen på «Midthordland» gleid oppover
glatte sleberget så gneistane fauk. Der stod skuta og dirra.
Anfinn Iversen - som hadde vore med unggjentene for å
leiga etter omnsringen - vart kasta mot skottet på styrbord side.
I ein augneblink stod det stille for han. Så kom han seg på
føtene og sprang alt han vann fram mot baugen. Derfrå hoppa
han i land med landtoget og fekk benda det rundt noko han fann i mørkret.
Det var seglmerket på Skogsneset. Det var nemleg der båten
hadde teke land, berre nokre meter frå ytste neset.
På ei merkeleg vis heldt landtoget. Båten
som no tok inn vatn atterut, seig i fyrste omgang ikkje ut. Han vart hangande,
men vart lågare og lågare på atterenden. Ingen hadde
gått til ro. Ein leider vart sett frå baugen og ned på
holmen, og på mindre enn eit par-tre minuttar var alle berga. Då
seig «Midthordland» stille og roleg ned i djupet, medan det
frøste av kolrøyk og geinstar då skorsteinen nådde
sjøflata. Men ytste baugen vart hangande over vatnet. Trossa heldt.
Det var alt som viste att av den stolte skuta.
Frå Fivelsdal kom ekspeditøren og eit par
mann til sprengroande. Dei berga inn heile mannskapet og dei to passasjerane
- ein reisande frå Furnes og den unge kapteinfrua. Det bar mot land.
Brått rykte det til i ein av matrosane: «Grisungane»,
ropa han. Grisungane, ja. Godmette hadde dei sovna inn, og i ein døs
etter eit godt måltid varm mjølk seig dei stilt og roleg ned
i djupet. Eit kort liv var over, og det vart to julegrisar mindre på
Fedje. Matrosen som hadde gjeve dei mat og stell anka seg:
«Stakkars grisungar. Eg kunne ha berga dei, men
i farten gløymde eg dei heilt av». Ei verbarka hand tørka
noko bort frå eine augnekroken, så la han seg på årane
og rodde mot land. Der fekk dei husrom til dei vart henta av «Austrheim».
Kva var så årsaka til uhellet og totalforliset
av «Midthordland»? For det fyrste var leia så og seia
utan lykter å sigla etter nattetider. Dessutan var kvelden mørk
med svakt regnyr, og lyskastar fanst ikkje ombord. Noko slikt var ukjent.
Det var oljelampar ein hadde til rådvelde, og så ei dekkslykt.
Det var ekspeditøren si lykt på kaien som
skulle visa veg. Men båten var litt tidleg i ruta, og ekspeditøren
- som til vanleg måtte stå og frysa medan han venta på
båten - var seint ute. Kvifor hadde han sett lykta frå seg?
Vi veit det ikkje. Folk var blyge den tid og snakka ikkje om alt. Men det
mest trulege er vel at på vegen mot sjøen kjende han at han
skulle «træ av på naturens vegne», og at han sette
lykta frå seg på vegkanten medan han utretta ærendet
sitt. Dette tok gjerne litt lenger tid enn han hadde rekna med, og frå
innsida av vegen der han hukte seg ned såg han ikkje båten.
Men føraren på båten såg lykta, og så gav
han styrbord ror ein halv minutt før han skulle.
Kva var det som gjorde at omnsringen kom bort? Ingen fann
han, men livet til dei tre kvinnene som hadde lugaren sin nede atterut
vart i alle høve berga. Ein slump eller eit tilfelle, eller var
det eit inngrep frå høgare makter? Kva veit vi? Dei som var
med under forliset trudde i alle høve sitt.
-----------------------------------------------------------------
Informasjonen er henta frå BNR-Nytt nr. 3 - 1978. |