D/S "Lindaas" si berging av "San Remo"
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 08.05.2003
D/S "Lindaas" hadde gått frå Bergen tysdag den
4. mars 1919, i rute til Fedje - Byrknesøy. Veret var grovt. Fleire
dagar hadde det rast kuling og storm langs kysten.
Forseinka og innstilte ruter var ikkje til å unngå,
men dei reisande fann seg i dette med stor ro.
Når vi blar i selskapet si soge er det mange hende
som dukkar fram. Det er mangt ein kunne skrive om, men eitt hende vil vel
alltid verta hugsa og sett på som ei bragd. Denne historia stod i
BNR - nytt nr. 3/78 og er fortalt av matros Nils Valde, som var med på
bergingsdåden, og det er også røkt etter kva avisene
skreiv om hendinga:
D/S "Lindaas" si berging av "San Remo" i Fedjefjorden
5/3 1919
D/S "Lindaas" hadde gått frå Bergen tysdag
den 4. mars 1919, og skulle i rute til Fedje - Byrknesøy. Veret
var grovt. Fleire dagar hadde det rast kuling og storm langs kysten. Forseinka
og innstilte ruter var ikkje til å unngå, men dei reisande
fann seg i dette med stor ro. Det var betre å koma seint fram, enn
i det heile teke å ikkje koma fram.
Kaptein Emanuel K. Rebnord
Då "Lindaas" nådde Fedje denne tysdagskvelden
var sjøen grov. Frå nord bles det full storm, og mørkt
og ufjelgt var det på alle måtar. Kaptein Emanuel K. Rebnord
- som hadde ført "Lindaas" det siste året - fann det rådlaust
å gå vidare. Båten vart fortøya, og mannskapet
gjekk til ro for å freista å få seg nokre timar søvn.
Men kaptein Rebnord var vaken. Han var ung og sterk, og hadde vandt for
å godta at veret hadde vunne over han. Stadig vekk var han ute for
å sjå om det betra seg. Ut på morgonkvisten tykte han
det løya litt, og mannskapet vart purra. Fyrbøtaren hadde
også halde seg vaken. Han hadde halde fyren ved like, så då
dei andre kom på dekk var alt klart til avgang.
Kaptein Rebnord førde båten ut frå
hamna på Fedje, og tok fatt på den opprivne fjorden. Det var
stummande mørkt, og sterke haglelingar og snøkavar gjorde
ikkje sikten betre.
Matros Nils Valde
I mellom eit par kavar betra denne seg, og brått
vart det oppdaga naudljos oppe til babord. Utan å ensa veret sette
kaptein Rebnord kursen dit. "Lindaas" kom så og seia utan last, rulla
fælt i storsjøane. Men kursen var stødig og fast.
Då dei kom nærare såg dei havaristen.
Det var lastebåten "San Remo" som tilhøyrde Toresenlinjen,og
gjekk i fart for Den
Norske Amerikalinje. Han dreiv no styringslaus ned mot
Midtfjordbåen, då både propell og ror var sette ut av
funksjon.
I det grove veret gjekk kaptein Rebnord inn mellom båten
og båen. Han greidde å manøvrere seg så nær
havaristen at dei
hadde ein tokke av at "Lindaas" ville verta knust. Frå
havaristen greidde dei å få kasteline over til "Lindaas", og
med mykje slit fekk dei også hala slepar ombord. Under arbeidet med
dette dreiv havaristen nærare og nærare brenningane rundt båen.
"Lindaas" sin maskin gav no alt han åtte, men like
fullt tok det over ein time før dei kunne sjå at båten
mea fram med den tunge havaristen på slep. Fleire gonger såg
det ut til at den store havaristen ville knusa "Lindaas" under slepinga,
men fram gjekk det. Mellom 3 og 4 timar sleit den 139 tonns vesle "Lindaas"
på den 3.500 tonns store "San Remo" som rulla styrlaus i grovsjøane,
før han greidde å buksera havaristen inn i Sildevågen
på Fedje.
"San Remo" var berga. Ankeret, som tidlegare hadde vore
ute utan å finna botn, vart på ny slept ut. No fekk det hald.
Trosser vart feste i land, og los Heggholmen på
"San Remo" gav kaptein Rebnord det rådet at han skulle venta til
det kom slepebåt frå Bergen. Dei ville ikkje angra på
det.
Den unge kapteinen lydde på rådet, og det
synte seg at det var eit verdfullt skip dei hadde berga. Båt og last
var verdsette til 7 mill. kroner, og då bergeløna vart betalt
ut fekk selskapet 325.000,- kr.
Det var uhorveleg mykje pengar på den tida, og ikkje
mindre enn 1/3 av bergeløna fall på kapteinen og mannskap.
Dette utgjorde rundt 108.000,- kr.
Kaptein Rebnord vart etter denne dåden sett på
som selskapet sin ukrona konge på sjøen. Det er sagt at han
synte ein stor sjømannsdug og eit stort mot under berginga. Men
utan dugande maskinist og styrmann, og eit godt trimma mannskap, kunne
han ikkje greidd denne dåden. Dei skal også ha si ære,
for det var eit umenneskeleg slit dei hadde med manøvrering av maskin
og haling av dei store manillatrossene før dei fekk fast slep, og
under slepinga. Vi minnest dei i djup vørdnad, og namna deira er:
styrmann Olav Sletten, maskinist Anders Hølleland, billettør
Oliver Ystebø, matrosane Jon Ystebø, Kristen Sleire og Nils
Valde. Fyrbøtar var Bertin Hølleland, men maskinassistenten
kan ikkje hugsast namnet på. Trisene ombord var Anna og Hildur Nilsen.
Dei fekk også part av bergeløna.
Vi skal sjå litt på kva som hende med pengane
selskapet fekk. Staten hadde i nokre år måtta yta ekstraløyvingar.
No krov han desse pengane att. Der for 110.000,- kr. Selskapet sat då
att med 107.000,-. Desse vart straks betalte inn til banken som avdrag
på gamal skuld. Og no - 39 år etter at selskapet vart skipa,
og 12 år etter at d/s "Masfjord" var bygd - kunne dei som hadde trygda
for selskapet si skuld pusta letta ut. Nokre av dei hadde stått som
kausjonistar like frå skipingstida, medan andre hadde trygda for
nytt lån på 85.000,- kr. då "Masfjord" vart bygd. "Dette
var offervilje".
Desse mennene ville rå seg sjølve. Ingen
av dei tvilte på selskapet si framtid. Gard og grunn hadde dei sett
i pant for å byggja opp flåten, og mang ei vakenatt med sut
og uro hadde dei hatt. No kunne det gjerne verta høve til å
hjelpa ein granne eller slektning som trong trygd for eit lån. "Viljen
og hjelpsemda var der."
Vi skal gje att det Morgenavisen skreiv om hendinga. Den
6. Marts 1919 står det fylgjande:
"Lindaas" redder "San Remo".
Skib og Last var værdsat til 7 mill.kroner.
Dampskibet "Lindaas" som tilhører Lindaas og Masfjorden
Dampskibsselskab, observerede igaarnat i Fedjeruten Blussing fra Skib i
Nord. "Lindaas" gik strax i Retning af Blusserne,og det viste sig at være
Toresenlinjens Damper "San Remo", som havde mistet Propellen og var hjælpeløs.
Det var stærk Vind med høi sjø.
Fra "San Remo" blev det bragt Slæbere ombord i "Lindaas",
som begynte at bugsere "San Remo" mot Land. Begge Skibe kom igaarmorges
velbeholden ind til Sildevaagen. Senere fortsattes Slæbningen ind
til Byen, hvortil Skibet ankom igaaraftes.
"San Remo" laster 3.500 Tons og er bygget i 1910. Skibet
var fragtet af Staten og Den norske Amerikalinje og var paa Reise fra Amerika
til Norge med stykgods. En del af Lasten skal losses her, medens Resten
gaar til Østlandet. Skib og Last er værdsat til 7 Mill. Kroner.
Bergens Tidende og Gula Tidend skreiv også om dåden.
Vi skal ikkje gjeva att noko av dette. Derimot vil vi gje att det Gula
Tidend skreiv om uveret som rasa. Det finn vi på ein annan stad i
bladet same dagen (6. mars).
"Stormen natt til i gaar og fyrre natti hev vore uvanleg
sterk både ved kysten og inne i fjordane. Jamvel inne i dei inste
fjordgreiner hev han vore so hard at ein ikkje kunde fara med baatar eller
motorbaatar. Fraa ymse stader fretter me um hustak som er lyft av, tre
som er upprivne med røter og anna. Sume stader var det attaat tett
snjofok so folk lite kunde koma av huset.
Noko skade hev stormen elles valda på fiskeplassarne,
både paa baatar og fiskereidskap. Rutebaatarne hev vore seinka i
alle rutor, stundom eit halvt døger og meir. Attaat stormen hadde
dei minorne aa ottast. No i paalandsveret hev dei drive i tette hopar inn
til strandi".
Ja, dette var eitt av blada frå selskapet si soge.
Vi har ikkje dramatisert hendinga, men gjort ho kvardagsleg og liketil.
Vi har ikkje skrive at sjøen var så grov at pollerar vart
knekte,og at ein til slutt måtte festa slepetrossa kring heile brubygningen.
Difor har vi skrive enkelt og roleg.
Men vi vil gjerne få senda ein takk frå det
selskap manskapet tente gjennom mange år, og som dei også i
si tid var med og kvitta gamal skuld for. Hjarteleg takk.
----------------------------------------------------------
Informasjonen er henta frå BNR- NYTT nr. 4 - 1979
- Tekst: © Leidulf Hundvin.
|