M/S Bruvik
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 06.07.2002
Foto: Scandion.
Når vi tenkjer attende på dei fjordabåtane
som har tent distriktet, vart «Bruvik» reine revolusjonen.
Båten var stor og romsleg, hadde vakre linjer, og var i det heile
teke ei pryd for augo og stortriveleg å reisa med. Bli med attende
til søndag 15. juli 1979, - og opplev Leidulv Hundvin si skildring
av M/S Bruvik sin avskjedstur med sitt gamle ruteområde.
Sommaren 1949 - berre fire år etter at krigen var
over - skjedde ei storhending i Indre Nordhordland Dampbåtlag si
soge: M/S «Bruvik» vart overlevert frå Glommen Mek. Verksted
i Fredrikstad for å setjast inn i rute på Sør- og Osterfjorden.
Når vi tenkjer på dei fjordabåtane som
tente distriktet då, vart «Bruvik» reine revolusjonen.
Båten var stor og romsleg, hadde vakre linjer, og var i det heile
teke ei pryd for augo og stortriveleg å reisa med.
Privatbilismen var liten, vegane og ferjestrekkjene dårleg
utbygde, så i helgetrafikken tok båten godt unna når
det galdt heimreiser for hybelbuarar, hyttefolk eller feriereisande.
Og for ikkje å snakka om påskehelgene når
reisemålet var Romarheim eller Mo, namn som kling med ein eigen dåm
i ein kvar tur- og fjellvandrar sine øyro. Då var det ikkje
tale om berre dei 350 passasjerane båten kunne ta, talet kunne gjerne
koma opp i 500 eller meir.
Sommarhelgene når huslyden låg på landet
og «pappabåtane» kom, kven hugsar ikkje dei? «Bruvik»
hadde mange glade fedre med seg, og på kaien stod ungane og venta
på kva godt det var som løynde seg i ryggsekken eller kufferten.
Og gjerne litt avsides stod blide, brune og helgeprydde koner og smilte.
Dei venta også sitt.
Eller søndagsturane rundt Osterøya? I godver
- slik vi helst vil minnast dei - var desse ei oppleving. Ei tid hadde
båten eit par timars opphald på Eidslandet. Då fekk dei
reisande høve til å ta ein liten biltur opp gjennom den vakre
Eksingedalen der Eksa kasta seg i kåte hopp og sprett ut over ufser
og juv, så roket stod. Ein vakker dal og eit gjestfritt folkeslag
møtte deg, og ved kaien låg «Bruvik» skinande
kvit og svart og venta tolmodig medan dei reisande fekk nyta synet av dalen
og stordomen.
I sanning: Ein båt som har gjeve stor glede og gode
kjære minne til mange reisande, minne som vil takast vare på
som kostbare perler og dyre edelsteinar.
Men all stordom forgår, anten den no er menneskeleg
eller det gjeld båtar. Så også med «Bruvik».
Båten har blitt 30 år, og ei ny tid og ein ny generasjon krev
meir tidhøvelege reisemåtar. Dessutan har vegar, bilar og
ferjer overteke storparten av dei helge- og feriereisande, så «Bruvik»
si tid er over. Og då snøggbåten «Manger»
kom i midten av juli månad, vart «Bruvik» avløyst
og ferdig med si oppgåve.
Selskapet ville endå ein gong lata dei reisande
få høve til å sjå Sør- og Osterfjorden,
og til å ta avskil med «Bruvik».
Difor vart det sett opp ein avskils-ærestur søndag
den 15. juli, der «Bruvik» stemnde ut frå byen flaggprydd
og skinande.
Og det vart i sanning ein storfeld avskilstur. Veret var
som det elles har vore i sommar, kaldt og surt. Men utanom fullsett båt
var også presse og kringkasting møtt opp, så turen vart
godt «dekka». Og blide smil og hyggelege menneske møtte
ein over alt på båten, sjølv om fjella ved Veafjorden
løynde seg i gråtjukk kaldskodde og regnelingar.
Fotlandsvåg Musikklag spela under heile turen. Dei
var utrøyttande, så om instrumenta vart fylte av regn spela
dei like iherdig. Vi hadde også folk med der, både store Carl
Gunnar Nesheim og den meir småvaksne Gunnar Nygaard. Den sistnemnde
skulle hatt Nesheim sin praktfulle brystkasse, slik at alle medaljane kunne
fått kome til sin fulle rett. For maken skal du leita etter.
Turen gjekk om Frekhaug, Knarvik, Valestrandsfossen, Ytre-Arna,
Haus, Bruvik, Eidslandet og til Mo. Der hadde storparten av kommunen sine
innbyggjarar møtt fram med ordføraren i spissen. Modølingane
hadde også budd seg med festmåltid for mannskapet på
«Bruvik» - som denne gongen var handplukka «gamlekarar».
Men diverre tillet ikkje tida at dette vart noko av. Eit rørande
avskil vart det likevel. Modalen har no fått tunnel og fast vegsamband
med Bergen, så dei er sjølvhjelpne. I to- tre år har
dei no vore utan rutebåt, men det var tydeleg å sjå at
dei sette pris på at gamle «Bruvik» enno ein gong ville
visa seg ved kaien, og at dei fekk helsa på «gamlemannskapet».
Mostraumen synte seg frå si beste side denne søndagen,
og vi fekk også solglytt då vi gjekk gjennom straumen på
utgåande. Det bar ut fjorden til Romarheim, Vikanes, Kleiveland,
Tyssebotn, Målvikgrend, Bernes, Ostereidet, Hosanger og Eikangervåg.
Sistnemnde stad må vi nemna særskilt. Mange hundre menneske
var møtt fram på kaien og i vegen ovanfor. Dei troppa også
opp med hornmusikk, så avskilsstunda var både sår og
merkande. Få har vel reist meir med «Bruvik» enn Eikangerfolket.
Så det er ingenting å seia på at salongen på øvre
dekk fekk namnet «Eikongstova». I denne stova har mange samfunnsproblem
vorte løyste under reisa laurdags- og søndagskveldane, og
mange unggutar har i løynd funne handa til den gjenta dei vart glade
i, og kjærteikna henne i all stilla.
Men ferda måtte gå vidare. Enno stod Leiknes
og Hamreplass att. På sistnemnde stad var det også stort frammøte,
og i folkemengda merka vi oss både døveprest Hammer, broren
som er boktrykkjar, og Håvard Salhus.
Langs heile ruta vi hadde passert vart «Bruvik»
helsa med flagg. Men på Hamreplass var det på halv stong. Og
«Bruvik» hadde under heile turen helsa attende med fløyta,
så på slutten vart ho både hås og sliten. Men kva
gjorde vel det. Det var siste tur, så ho kunne endeleg få kvila
seg att.
Knarvik, Flatøy og Frekhaug vart på ny passerte
og utgangspunktet var nådd: Bergen. Ringen var slutta og ferda enda.
«Bruvik» har tent si tid, og ein verdig avskilstur hadde han
teke med sine reisande som opp til ein heil mannsalder har drege nytte
av han. I takksemd firer vi flagget.
Ei ny tid har gjort sitt inntog. Ei meir rastlaus tid,
men også ei tid med store voner og forventingar til eit målmedvite
og alltid tenestevillig Rutelag. Så i vemod over ein kjær og
trufast slitar gler vi oss til å tena våre reisande med samferdselsmidlar
som er meir tidhøvelege, og som vi veit at dei kjem til å
nytta seg av og setja pris på.
--------------------------------------------
Informasjonen er henta frå BNR-Nytt nr. 2-3 - 1979 |