Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Nordhordland
Samferdsle i Nordhordland
Fjordabåtar

 

 
D/S "Alversund"
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 19.07.2004

D/S "Alversund" vart bygd ved Mjellem & Karlsen i 1926 for Alværsund & Mangers Dampskibsselskab. Båten, truleg ein av dei vakraste selskapet har hatt, trafikkerte på fjordane i Nordhordland i 40 år. 

Året etter - i 1927, endra selskapet namn - til Alversund & Manger Dampbåtlag. 

Dette var den andre båten med namnet "Alversund". (Den første vart bygd av same selskap alt i 1900, men seld i 1918) 


Den andre "Alversund" på ferd ut frå byen. Skorsteinsmerket syner at biletet er teke etter 1951. 
Slik såg "Alversund" ut frå han vart ombygd i 1946 til han vart seld i 1966. 

Den nye "Alversund" vart selskapet sitt største skip på 178 BRT - 117,1 fot lang, og 20,2 fot brei. Maskina var ei Triple expansion dampmaskin på 53 NHK, som fekk båten opp i gode 12 mils fart. 

Alt under bygginga fekk båten installert elektrisk lys, og han var den fyrste av selskapet sine båtar som hadde slikt. Det gjekk fram mot midten av 30-åra før dei andre fjordabåtane fekk det, og dei siste fekk ikkje elektrisk lys før i 1938. 

"Alversund" er truleg den vakraste av alle båtar selskapet har hatt. Han hadde reine vakre liner, var stor og drektig, lasta 
mykje, og tok 312 passasjerar. 

I 1939 rekvirerte Den Kgl. Norske Marine "Alversund" til vaktskip, og fekk stasjon i Klokkarvik. Han kom med i krigen, og då besetningen såg at han ville verta overteken av fienden, søkkte dei han ned i Valevågen den 25. april 1940. 

Seinare under krigen vart båten heva av Gunvald Ottesen i Sagvåg. Men tyskarane kom på sporet av båten, og resten av krigen sigla "Alversund" under tysk flagg. 

Fyrst sommaren 1945 fekk selskapet båten att. Han vart straks ombygd, og sett inn i rute i 1946. No hadde han fått ein storleik på 223 BRT, men tok same passajertalet. Dessutan fekk han ein annan overbygning enn den han hadde før krigen, slik at livbåtane vart sette ned på brudekket - bak postlugaren. 

"Alversund" vart verande i selskapet - som no hadde fått namnet A/S Bergen-Nordhordland Trafikklag - til i 1966. Då svikta kjelen, og ny kjel ville verta alt for kostbar. Difor selde selskapet båten til Ivar Matre i Åsane, som bygde han om til lastebåt og sette inn ny Wichmann dieselmotor på 240 BHK. Matre endra namnet på båten til "Alverstrømmen". 

Etter ein brann ombord i 1973, vart han på ny seld til Bertin Solsvik, Solsvik. Han sette båten i god stand, og kalla han "Kiloran". Under dette namnet sigla "Alversund" vidare langs kysten. 

I 1990 vart Nordhordland Veteranbåtlag skipa. Dei kjøpte inn "Kiloran" ex D/S "Alversund" som dei ville restaurere. Dette viste seg å vere eit svært vanskeleg arbeid p.g.a. at båten var i ein dårlegare forfatning enn det kunne synast ut i fyrste omgang. I 1995 gav laget opp "Alversund" og selde den til Brdr. London, som taua den til Blomvåg der den var opphogd. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal