Frå dampskip til snøggbåt
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 13.08.2006
Namnet ”Lygra” har pryda både dampskip, motorskip,
ferje og snøggbåt som har traffikert på fjordane i Nordhordland.
Her får du ei lita oversikt over båtar som har hatt dette namnet.
D/S "Lygra" slik båten såg ut til han vart
ombygd i 1947.
D/S ”Lygra”
Båten heitte opphaveleg ”Solstrand”, og var bygd
ved Trondhjems mek. Værksted, Trondhjem. Båten vart levert
til Midthordlandske Dampskibsselskab 25. desember 1899.
Båten var på 185 br. reg. tonn, og ei 2 sylindra
Compound dampmaskin gav den ein fart på 11 knop. Det var den største
båten dette selskapet eigde.
I 1935 kjøpte Lindaas-Masfjorden Dampskibsselskap
båten for kr. 25.000,- då eigaren var i store økonomiske
vanskar, og selskapet gav han namnet ”Lygra”.
Kontrakten er underteikna den 28. desember 1934, men overleveringa
fann fyrst stad ut på nyåret i 1935.
M/S "Lygra" etter ombygginga i 1947. Foto: Runderheim.
M/S ”Lygra”
I 1947 vart ”Lygra” heilt ombygd, og fekk no sett inn
ein Crossley diesel-motor på 480 BHP. Båten vart ein ruvande
farkost, som drog mykje folk og last med seg. Han fekk rettleg røyna
seg under den store kraftutbygginga i Masfjorden, og det var ikkje småtteri
han hadde på kjølen i dei åra.
I 1967 var motoren utsliten, og ”Lygra” vart i februar
1969 seld til Olav D. Kvamme, Stamneshella - og den fekk namnet
”Ostringen”.
Målet var å bygge båten om til fraktebåt,
men det vart det ikkje noko av. Båten vart i august 1969 seld til
Brødrene Anda, Hundvåg for opphogging.
M/F "Lygra" i full fart over Fensfjorden. Foto: Runderheim.
M/F ”Lygra”
Denne båten har ei lang og merkeleg soge. Namnet
”Lygra” fekk han ikkje bera meir enn dei siste 10 åra, og då
som ferje.
Båten vart bygd ved Aker mek. Værksted, Christiania,
i 1892 for Bygdø Dampskibsselskab, og fekk namnet ”Louise”. Den
var opphaveleg på 137 br. reg. tonn, som seinare vart auka til 143.
Båten hadde Compound dampmaskin, som også var bygd ved same
verkstaden.
I 1903 vart han omdøypt til ”Louise 1”, og i 1913
seld til A/S Vestfjorden, Christiania, og omdøypt til ”Vestfjorden”.
I 1920 vart han på ny seld, og kjøpar var
A/S Bygdøens Bad. Namnet vart og endra, slik at han no vart heitande
”Bygdøens Bad”.
Vi veit vidare at i 1923 overtok A/S Fjordtrafikk båten,
og seinare Julie Mortensen. Båe desse reiarane held til i Oslo. Men
i 1952 kom han til Vestlandet, og samstundes skifta han kjønn. No
vart båten ei ferje, og ho fekk namnet ”Askøyferja”. Kjøpar
og eigar var Askøy Bilfergeselskap, Florvåg.
I 1960 vart ferja overteken av Rutelaget Askøy-Bergen,
og ho fekk no namnet ”Dyrteigen”. Dei selde ho vidare til A/S Bergen-Nordhordland
Trafikklag i 1964 - som gav henne namnet ”Masfjord”, og sette ho inn i
ruta Sævråsvåg - Masfjordnes - Duesund. Namnet bar ho
til den nye ”Masfjord” kom i 1969.
Då fyrst, altså i 1969, fekk ho namnet ”Lygra”,
og det vart ho heitande til ho vart seld til George Mallion, England, i
1979.
Snøggbåten "Lygra". Foto: Runderheim.
Snøggbåten ”Lygra”
Han vart bygd ved Fjellstrand Aluminium Yachts, Omastrand,
og overteken av Bergen-Nordhordland Rutelag den 26. november 1981.
Båten hadde ein bruttotonnasje på 315 tonn,
og tok 292 passasjerar. Farten var på 24 knop, og han hadde to hovudmotorar
kvar på 1130 BHK, som gjorde 1.650 omdreiningar i minuttet.
Den første ”Lygra” kosta kr. 25.000,-, den siste
omlag 14 mill. kroner. |