M/S «Manger»
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 02.12.2006
I stråland sol og varmt sommarver - kanskje den
einaste verkelege sommardagen dette året - vart snøggbåten
«Manger» døypt og overteken av BNR ved A/S Fjellstrand
Aluminium Yachts i Omastrand, torsdag 12. juli 1979.
Ved verkstadkaien låg nybygget flaggprydd og skinande,
og ei mengd folk var samla for å ta del i høgtida eller berre
bivåne storhendinga. Skulemusikken på staden spela, og feststemninga
var på topp då fru Inger Andersen føretok dåpshandlinga
og gav båten namnet «Manger».
M/S «Manger». Foto: H. Runderheim
M/S «Manger» er på 194,6 br. reg. tonn,
og har ein passasjerkapasitet på 189 personar. Han kosta nær
på 8,9 mill. kr. - og farten, med 2x 12cyl. 4T DM (MTU, Friedrichshafen),
2400 bHK, er på mellom 23 og 24 knop. Leveringsdagen stemde heilt
med kontrakten, noko selskapet sjeldan har vore ute for ved andre nybygg.
Etter dåpshandlinga vart det overlevering og flaggskifte
ute på fjorden. Driftssjef Lars Tungesvik frå A/S Fjellstrand
Aluminium Yachts leverde båten, og ordførar i bedriftsforsamlinga
- Mons R. Mjelde - tok imot han på selskapet sine vegne. Deretter
leverde Mjelde skipspapira til fyrsteførar på «Manger»,
kaptein Hjalmar Vindenes.
For full fart bar det så ut Hardangerfjorden, framom
Varaldsøy og Snilstveitøy, gjennom Luksundet, og fram til
Godøysund - der det var duka til festmiddag.
Kl. 22.00 om kvelden bar det attende til Bergen, og no
med snøggbåten M/S «Manger». I den lune og fine
sommarkvelden - under ein raudgul måne som saman med fyrlyktene kasta
gylte strimer på sjøen - vart heimturen reine eventyret.
Dagen etter vart båten presentert for presse, kringkasting,
kommunale tillitsmenn, representantar for dei tilsette i selskapet, og
elles ein del andre gjester. Denne dagen var også verguden mild,
så det vart ein strålande tur i vårt eige distrikt.
Etter eit par dagars trim og prøvekøyring
vart snøggbåten sett inn i rute mellom Bergen - Frekhaug og
Knarvik. Besetninga ombord var fire mann på kvart skift, og offiserane
var desse :
Kaptein Hjalmar Vindenes (fyrsteførar)
Kaptein Sigmund Lygre
Kaptein Ingard Sørhaug
Maskinsjef Magnus Husebø (fyrstemaskinsjef)
Maskinsjef Atle Bogen
Maskinsjef Einar Støldal.
Informasjonen er henta frå BNR-Nytt nr. 2-3 - 1979
Vidare historikk
1994: Juli: Ommålt: 200 BT, 60 NT
1995: Selt til Ningbo Huagang Co. Ltd., Ningbo, PRC.
Omdøpt YONG DA
2005: Framleis i fart. |