Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Nordhordland
Samferdsle i Nordhordland
Fjordabåtar

    

 
D/S Masfjord
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 04.10.2002

Det var eit stort framsteg for selskapet og trafikantane då D/S Masfjord vart levert. Skipet var på 156 brt. og det største skipet i selskapet. Med tanke på dei vanskelege isforholda i indre Masfjorden vart skipet spesielt isforsterka. 

Lindaas Masfjordens Dampskibsselskab og Seimstrands Dampskibsselskab hadde i åra rundt århundreskiftet dreve ein tapsbringande konkurranse. Den tok slutt i 1901, og begge selskapa kunne frå då av konsentrere seg om sine eigne ruteområder. 

D/S Nordhordland, som var Lindaas Masfjordens Dampskibsselskab sitt første skip, var lite tjenleg, Det store spørsmålet i selskapet var om ein skulle byggje om den gamle båten, eller byggje ny. 


D/S "Masfjord" legg frå kai ved Andvikgrend ein sumardag i slutten av 30-åra. Jenny Andvik, handelsmann og poststyrar, har sett han vel av garde. Foto: Elisabeth Hope. Eigar av biletet: Harald Kvamme.

Vedtak om nybygg vart gjort i 1904, men då det var vanskar med å skaffe pengar, vart det nye skipet ikkje bestilt før i januar 1906. Skipet skulle byggjast ved Christianssands Mek. Verksted. 

Det var eit stort framsteg for selskapet og trafikantane då D/S Masfjord vart levert året etter. Skipet var på 156 brt. og det største skipet i selskapet. Med tanke på dei vanskelege isforholda i indre Masfjorden vart skipet spesielt isforsterka. D/S Masfjord gjekk inn i ruta på Masfjorden og Austrheimsfjorden. Misnøye med standarden på andre skip i selskapet førte snart til at det vart bygt fleire nye skip. D/S Lindaas og D/S Austrheim kom til nokre år seinare. 

Då fyrste verdskrig starta, vart dei minste skipa lagt opp, og D/S Masfjord og D/S Lindaas held trafikken igang åleine. Innsparing måtte til, og i staden for kostbart kol, brukte ein ved og torv under kjelane, både i dette selskapet og i dei fleste andre. 

I 1918 fekk D/S Masfjord eit ufrivilligt opphald på botnen av Solesjøen. Skipet grunnstøytte og sank og 7 menneske mista livet. Men skipets historie slutta ikkje der. D/S Masfjord vart heva, og i 1924 vart skipet sendt til Bergens Mek. Verkstad for ombyggjing, og kom på fjorden att som eit skip på 193 brt. med ei lengde på 121.0 ft. 

Selskapet skifta i 1937 namn til Lindås-Masfjorden Dampbåtlag AS. 

Under krigen var mange lokalskip rekvirert av tyskarane, medan D/S Masfjord gjekk på dei vanlege rutene i Masfjorden. Og det var i Masfjorden skipet skulle møte sin skjebne. På reise frå Matredal til byen 3. februar 1944 grunnstøtte D/S Masfjord ved Duesund og sank - denne gong for godt. 11 menneske omkom. 

50 år seinare - 3. februar 1994 vart det avduka ei minneplate i Duesund på staden der D/S Masfjord grunnstøytte. 

Masfjorden nightmare 

Early on the morning of 3. February 1944, Masfjord left Matre for Bergen. Lindaas Masfjorden\'s largest steamer, she had worked this long route for practically all of her life, and her crew knew every inch of it. 

At about 5am, she reached Masfjordnes where, on account of the brisk easterly wind, she had to berth port side to. The next stop was Hosteland, at the head of a narrow inlet on the opposite side of the fjord. To release Masfjord from the quay the customary procedure was adopted: full ahead while the vessel was swung round on the spring rope, then full astern for 3 minutes, and finally full ahead on a course of North 1/2 West. 

Soon afterwards 'slow ahead' was rung down. Masfjord proceeded cautiously through the darkness for about 5 minutes. Then came 'full astern'. She had scarcely responded to this when her stem, smoothly reunded below the waterline for effective icebreaking, slid high up on the shore, thus forcing her stern under water. She heeled over to starboard. 

Passengers and crew scrambled onto her forecastle, and thence jumped ashore. Captain Carl Vabø went aft, in an attempt to assist those unable to struggle through the rising water; he was never seen alive again. Officer Henry Kahrs remained on the bridge, directing a searchlight onto the foredeck until the electric current failed. He too perished. 

As her stern went down, Masfjord lost her grip on the rocks and drifted out into the fjord, where she sank. Some af those still trapped on board managed to hold on to buoyant objects, or to swim ashore. But eleven people lost their lives. 

Masfjord (1907-44) Profile - c 1930 
1. 1907 Delivered from Kristiansands M/V, Kristiansand. 
156 gross tons. 107.0 x 20.1 ft. 
Triple expansion; 44 nom hp. 
1918 Stranded and sank on Solesjøen; 7 drowned. Raised. 
1924 Rebuilt and lengthened at Bergens M/V; 193 gross tons, 121.0 ft. 
3.2.1944 Stranded and sank near Duesund; 11 drowned. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal