D/S «Masfjord» - den hvite svane
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 26.11.2006
Etter at D/S «Masfjord» forliste og sokk
ved Duesund natt til 3. februar 1944, var Lindaas - Masfjorden Dampskipslag
i ei særs lei knipe når det galdt båtar for å halde
oppe rutetilbodet i distriktet vårt dei første etterkrigsåra.
D/S «Lindaas» hadde vore i okkupasjonsmakta
sine hender under krigen, og måtte byggjast heilt om før han
vart sett inn att i rute.
I selskapet si møtebok frå 18. juli 1945
kan vi lesa fylgjande:
SAK 1.
Ein hev i dag fenge D/S «Sæter» på
hand for kr. 210.000,- levert i Trondheim i den stand båten er.
Avgjerdsla innan i morgon kl. 16.00, elles går
båten til annan kjøpar. Etter å ha tenkt grundig over
saki finn direksjonen ikkje å kunna lata båten ganga frå
seg, men vil godta tilbodet.
SAK 2.
Ein vart samd um at den nyinnkjøpte båten
skal heita «Masfjord».
D/S «Masfjord» den tid båten heitte
«Sætre» og var «Den hvite svane».
Båten var bygd ved Stettiner Oderwerke i 1925 og
fekk namnet «Stubbebkammer», og hadde i likskap med Amerikalinja
sine båtar to skorsteinar.
I boka «Fjordbåtens saga» står
det å lese at : «Nå brukte «Sætre»
imidlertid ikkje begge skorsteinene. Bare fra den forreste kom det røyk.
Den aktre skorsteinen ble etter sigende brukt som vanntank».
I 1930 kom båten til Noreg kjøpt av Dampskipsselskapet
A/S Asker, Røken og Hurum, og dei gav båten «Sætre».
Då båten var kvitmåla vart han kalla
«Den hvite svane», og var i nokre år selskapet sitt flaggskip.
I september 1939 overtok marinen båten, og han fall
i fienden sine hender i april 1945. Båten vart send nordover og gjekk
under heile krigen i troppetransport, og var i svært dårleg
stand då Lindaas - Masfjorden Dampbåtlag kjøpte han.
Etter ei større vøla ved Mjellem & Karlsen kom båten
i drift i 1946, men då med ein skorstein.
I 1953 vart båten seld til Johan Ness, Smørsund,
som døypte han om til «Aalfjord», og sette inn motor.
I 1968 vart båten på ny seld, og denne gongen
til Erling Solheim, Haukøy i Tysfjord, og i 1974 til Styrk Fjortoft,
Førde i Hordaland.
I 1975 kjøpte Harald Blikø, Levanger, båten
og døypte han om til «Blikøgutt».
I 1976 vart han på ny seld, no til P/R H. Sørensen,
Harstad, og i 1979 til P/R Mathiassen Mek, Verksted, Harstad.
Dette vart endelykta. For i sjøfartsdirektoratet
sitt kartotek står det - Kondemnert i 1979, så siste eigaren
hogde truleg opp den tidlegare «Masfjord», som traffikerte
fjordane våre dei fyrste sju - åtte etterkrigsåra.
--------------------------------------------------------------------
Informasjonen er henta frå BNR- NYTT nr. 2 - 1989
Kjelder: Fjordbåtens saga og «Skipet»
nr. 2/1989.
|