M/S "Melanddrott"
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 19.07.2004
I 1948 fekk Alversund & Manger Dampbåtlag AS
ein praktfull tilvekst til ein ellers så travel flåte av fjordabåtar.
Sjøbussen M/S "Melanddrott" blei levert frå A/S Stord.
Båten var på 229 tbr. og målte 115,8
x 19,8 x 9,0 fot. Motoren, levert av British Auxiliaries Ltd. (Polar) var
opprinneleg bygd i 1941. Då den viste seg å være i svært
god stand, fekk den plass i nybygget. Motoren, som var på 500 BHK,
ga båten ein fart på 12 knop.
M/S "Melanddrott"
"Melanddrott" blei straks sett inn på den travlaste
ruta til Nordhordland, Bergen-Frekhaug-Salhus-Isdalstø-Kvamsvåg,
der den i tillegg til dei mange fastbuande - frakta ei mengde hyttefolk
til og frå landstaden.
Den gongen brukte ein båt, og det kunne ofte vere
politikontroll ved landgangen for å sjå til at ikkje båten
tok fleire passasjerar enn sertifikatet tillet.
I 1951 blei Alversund & Manger Dampbåtlag AS
slått saman med Lindås-Masfjorden Dampbåtlag AS. Det
nye selskapet fekk namnet Bergen Nordhordland Trafikklag AS.
"Melanddrott skifta skorsteinsmerke, men held fram i den
travle farten inn og ut Byfjorden - til og frå Nordhordland. Båten
var vakker å sjå til, og med romsleg plass i salongane var
det ein svært ettertrakta båt å reise med.
Utviklinga, med nye vegar og store ferjer på sambandet
Steinestø - Knarvik, gjorde sitt til at antall reisande med dei
vanlege rutebåtane vart mindre, og den eine etter den andre av båtane
forsvann.
I 1974 kom turen til "Melanddrott". Båten sette
kurs mot vest, til England, der kjøparane ominnreidde den til flytande
pub og gav den namnet "Ferry boat inn". |