Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Nordhordland
Samferdsle i Nordhordland
Fjordabåtar

   

 
M/S «Sæbø»
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 30.11.2006

Mange som har runda den fyrste ungdomen vil minnast M/S «Sæbø» som eit trygt og greit reisemiddel. Båten hadde rute til Bergen i den tidlege morgonruta, og han gjekk som vanleg attende til distriktet litt over kl. 14.00 og kl. 17.30. 

På dette viset kan vi seia at han var ein typisk dagpendlarbåt, og det lenge før ordet «pendlar» vart teke i bruk.». 

M/S «Sæbø» vart bygd ved Kristiansand Mek. Verksted A/S i 1949, som byggenummer 183, same året som «Bruvik» vart bygd. Båten vart bygd for selskapet Alversund & Manger Dampbåtlag A/S, Bergen 

Båten er 29,75 m lang, og på 144,41 br. reg. tonn. Passasjertalet er 233, og med 3x 6cyl. 2T DM (General Motors Corp., Detroit MI), 510 bHK - fekk båten ein marsjfart på nærare 12 knop. 


M/S «Sæbø» 

1. mars 1951 vart båten overtatt av A/S Bergen – Nordhordland Trafikklag, Bergen. 1. januar 1974 vart rederiet omdøypt til A/S Bergen – Nordhordland Rutelag, Bergen. 

«Sæbø» var den tredje i rekkja av dei såkalla fjordbussane som selskapet åtte. Dei to fyrste var «Flatøy» og «Manger». Alle desse tre var bygde etter den typiske sjøbusstilen som gjorde seg gjeldande i 1940-åra. 

Sidan «Sæbø» vart teken ut or rute låg han for det meste i opplag. Selskapet brukte han i storhelgane og elles når andre båtar var ute or rute på grunn av havari eller verkstadopphald. 

Den 5. mars 1980 vart M/S «Sæbø» seld til Sverige for kr. 490.000,-. Kjøpar var rederibolaget Sagana v/Sven-Aake Nyberg, Gøteborg. Båten vart same året omdøpt til «Sagane» og i 1983 til «Wasa Lejon» 

Hamna og fjorden nord for Bergen vart med dette ein båt fattigare. 

Vidare historie 
1984: Selt til Kolmårdens Rederi AB, Norrköping, Sverige. 
1994: April: Selt til Lustrafjorden Cruise A/S, Luster/Florø. Omdøypt til «Lustrafjord» 
2000: Desember: Selt til Norsk Fjordcruise AS, Jar/Florø. 
2001: Februar: Omdøypt til «Oslofjord» 
2005: Registreringshamn vart endra til Oslo 
2005: Framleis i fart. 

Kjelder: 
BNR-nytt 1980. Artikkel av Leidulv Hundvin 
skipet.no 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal