Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Nordhordland
Samferdsle
 

 

  
Fyrste bussruter i Nordhordland
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 07.09.2004

Frå 1880 til sumaren 1928 var båtane einerådande som samferdslemiddel. Nokre få privatbilar var komne til, den fyrste av dei kjøpt i 1923 av Hjalmar Fonnebost. Desse møtte gjerne opp på dei større kaiane og køyrde reisande frå båtane, utan at det var organisert noko fast rute eller ruteteneste. På Radøy sette privatmannen Alfred Tvedt i gang ei rute frå Manger til Bøvågen i 1927, og i 1930 veit vi at han hadde tre små rutebilar gåande, som også køyrde strekkja Alverstraumen - Manger. 


D/S "Austrheim" ved Hundvin kai i 1931. Hundvin var utgangspunktet for Lindaas-Masfjorden si fyrste rutebilferdsle frå juni månad 1928. Bilen vi ser litt av på biletet - ein Oakland 1927 modell - var innkjøpt av Martinus Hundvin i 1931. Om sumaren tok ein det faste taket av bilen og sette på kalesje, slik at ein i godver kunne køyra med kalesjen nedslegen. Eigar av biletet i 1988: Magnus Hundvin. 

Vegane var heller skrale i Nordhordland, og einskilde stader skilde åsar og fjell bygdene frå kvarandre slik at det var berre gangstiar eller kløvveg som batt dei saman, der fjorden ikkje kunne brukast. 

Den fyrste tunnelen kom likevel alt i 1921, og gjekk gjennom åsen mellom Bruvoll og Konglevoll på riksvegen til Lindås, som då var under bygging. Men sumaren 1927 skjedde det ei storhending i Nordhordland. Då vart landet sin lengste vegtunnel opna gjennom Fureberget, og han batt Vassbygdi saman med Seim og Isdalstø. 

Dette gav store utsyn for ei utvikling av landevegs trafikk, då det no let seg gjera å køyra like frå Fanebust i Lindås til 
Isdalstø, ei veglengd på nærare 35 km. 

Etter opninga av Furebergstunnelen kom styret i dei to selskapa Alversund & Manger Dampbåtlag og Lindaas-Masfjorden Dampskipsselskap saman, for å drøfta ei felles bilrute mellom Lindås og Isdalstø. 

Tida var ikkje moden for denne enno, og etter mange sammøte utover vinteren og våren 1928 måtte Alversund & Manger Dampbåtlag gje opp tanken, då dei hadde heilt andre ting å stridast med. 

I 1927 fekk nemleg dette selskapet konkurranse av Alversund & Meland Eimbåtlag, og ein trong økonomi vart då endå trongare og sette ein stoppar for nye tiltak og utsyn. 

Sumaren 1928 slo difor Lindaas-Masfjorden til åleine, og den 25. juni dette året vart den fyrste rutebilen - ein Chevrolet - innkjøpt for den svimlande summen av kr. 5.800,- 

Som liten smågut stod forfattaren på Hundvin kai denne solblanke sumarmorgon og såg at båten «Masfjord» kom stemmande mot kaien utanom all rute. Berre det å få sjå «Masfjord» var ei storhending, då han var masfjordingane sin båt, som skjeldan og aldri gjekk i Lurefjorden. 

Men retteleg stor vart undringa då båten med sin lange og sterke bom sette ein stor og skinande rutebil opp på kaien som Hjalmar Fonnebost starta opp, og rak i ryggen som ein general køyrde det store uhyret opp etter vegen. Då ville mest augo falla ut or hausen på småkaren. Han hadde nok sett bilar før, men aldri nokon slik som denne. 

For utanom bilen til Hjalmar Fonnebost hadde Jakob Stene kjøpt ein Chevrolet i 1926, Tom Lygre ein Overland i 1927 og Bjarne Bakke og Ole Træland kvar sin Chevrolet tidleg om våren 1928. 

Men desse bilane tok berre frå fem til sju personar og var småvorne mot denne, som med litt godvilje frå sjåføren si side kunne ta minst det doble. 

Med denne vogna som vart lossa på Hundvinkaien den 25. juni 1928 tok den fyrste organiserte knutepunkttrafikken til på Lindåshalvøya. Pioneren - Hjalmar Fonnebost vart tilsett som selskapet sin fyrste sjåfør. Han fekk ansvaret for bilen og ruta, som no tok til mellom Hundvin - Lindås og Fanebustsjøen. 

Sjølv om Alversund & Manger Dampbåtlag ikkje sette opp rutebil til Isdalstø, gjorde Lindås-Masfjorden det óg. Dette skjedde med leigde bilar, og etter ein fast avtale med Alversund & Manger om ei prosentvis godtgjerdsle for dei folka dei tilførde båtane deira. 

Den 20. august same året kan vi lesa i Lindaas-Masfjorden si møtebok at det vart sett i gang fast rute mellom Hundvin og Myking, køyrd av Jakob Stene med sin nye Buick, og Ole Træland som fyrst fekk ein Chevrolet som han litt etter bytte ut til ein 7-seters Oakland. 

Alt året etter hadde rutebiltrafikken auka så mykje mellom Hundvin og Lindås at ein bil åleine var i minste laget. Difor vart det den 31. mai 1929 inngått ei semje med Bjarne Bakke og Tom Lygre om at selskapet ville «engasjere disse med sine privatbiler på den hovedbetingelse at selskapet betaler kr 5,- pr. tur, og billettpengene for alle passagerne tilfalder selskapet». 

Før denne semja kom i stand hadde selskapet freista å få dei til «med sine biler i selskapets rute Hundvin - Fanebust, og helst for det trafikken indbringer dem - efter at selskapets rutebil først er sikret fuld last». 

Dette hadde nok vorte litt for uttrygt, så difor var dei no komne til ei semje som gav dei 5 kroner for kvar tur. Same sumaren, den 21. juni 1929 fekk selskapet konsesjon på bilruta mellom Myking og Eikangervåg, og det vart sett opp ruter dit fem dagar i veka. 

Lindås-Masfjorden ville også her ha «prosenter av dampskipsbilletten for de reisende som med bilruten befordres til og fra Eikanger, men formanden i Indre Nordhordland Dampbåtlag fant ikke for tiden at kunne gå til nogen forhandling». 

Direksjonen si meining var at Johannes S. Eikanger skulle køyra den nye ruta, og fylgjande kontrakt vart sett opp: 
«Johannes Eikanger holder 2 syvsætere. Selskapet betaler ham 60 øre pr. km regnet rutens ene vei - 15 km. Alle driftsutgifter bæres av Eikanger. Alle billetpenger tilfaldes selskapet. Billetpenger indtat under tomkjøring for at indta rute deles likt mellom bileier og d/s selskapet». 

Det ser ut til at Johannes S. Eikanger har fått «kalde føter», så alt den 1. juli 1929 vart det halde nytt møte i direksjonen, og vi kan frå dette lesa fylgjande: - «Da overenskomsten med Johs. Eikanger ang. kjøring i selskapets bilrute Myking-Eikanger ikke kom istand som forutsat, besluttes enstemmig: Karl Nævdal overtar kjøringen i ovennevnte bilrute på følgende betingelser: Der settes ind en 7-sæter. Der kjøres efter den av L-M. d/s selskaps opsatte rute i korrespondanse med I. Nordhordland ruter til og fra Eikangervåg. Karl Nævdal betaler til L-M. d/s selskap 10 % av den bruttoindtekt som rutekjøringen indbringer. Alle utgifter er selskapet uvedkommende. Alle billetpenger tilfalder bileieren. Han fører nøiagtig fortegnelse over antal reisende, over indtekter, og desuten de oplysniger som statistik og regnskap kræver. De nødvendige skema til disse opgaver tilstilles ham fra selskapet. Bileieren skal uten særskilt vederlag ta med post i ruten, dersom saa bestemmes. Rutekjøring begynner ikke før efter nærmere bestemmelse. Taksten i ruten settes indtil videre til 15 øre pr. km. 
Mindste takst 40 øre. Nærmere bestemte betingelser blir at opsette ved kontrakt mellom bileier og d/s selskapet. Denne kontrakt gjelder forløpig saalenge selskapets sommerruter varer». 

Vidare står det: 
«Karl Nævdal faar sin bil fra Bergen til Hundvin fraktfrit den 1. juli 1929». 

Sjølv om Karl Nævdal fekk bilen sin fraktfritt frå Bergen til Hundvin, har truleg fortenesta vorten liten. Alt den 19. juli måtte taksten slåast ned til 13 øre kilometeren med ein minstepris på 40 øre, og den 6. desember same året vart Nævdal friteken frå å betala den pålagde avgift til selskapet i vintermånadene. 

Vi skal no sjå litt på kva som hende i Alversund & Manger Dampbaatlag. 

Den 5. oktober 1928 vart det fatta slikt vedtak: 
«Alversund & Manger set i gang bilrute frå isdal til Seim snarast råd er. Då selskapet endå ikkje hev kjøpt bilar til denne ferdsla fær ein bilførarane Sivert Hopland og Johannes Espeland til for selskapet å utføra ruta nærmare oppsett semja». 

Elles finn vi at både Ragnvald Isdal og Nils Thorsheim som no hadde fått bilar søkte selskapet om å få køyra, utan å få nokon lovnad om det. 

Den 16. desember 1929 vedtok Alversund & Manger å søkja om løyve til rutebilferdsle på vegane: Alverstraumen - Bøvågen med vidare, Isdal - Seim grense mot Lindås. 

Straks etter - den 7. januar 1930 - gjorde Alversund & Manger vedtak om at «Dampbåtlaget yvertek sjølv drifti av bilrutorne på vegane Alverstraumen - Manger - Hordabø, Isdalstø - Seim grense mot Lindås, og Seim - Nesse, seinast frå 1. juni d.å». 

Den 1. april 1930 overtok Alversund & Manger bileigaren Alfred Tvedt sine 3 vogner som han hadde brukt i rutekøyringa på Radøy, til fylgjande takst: 

1 10-setes Ford..........kr 6.615,- 
1 12-setes Chevrolet...kr 3.465,- 
1 7-setes Buick...........kr 4.860,- 
Til saman...................kr 14.940,- 

Herdla Sparebank gav lånet, og kjøpet og overtakinga av ruta til Tvedt vart røyndom. 

Den 26. april s.å. vart det teke kjøp på ny bil til å setjast inn i rute mellom Isdalstø - Seim - Nesse, for levering innan 5 veker. Det var Jæger som fekk tilslaget, og bilen var ein 17-setes Federal til ein kostnad av kr 11.100,-, og måtte då også kunna nyttast like til Seim grense mot Lindås, der ruta vart strekt fram til Erhaugen. 

Den 21. juni same året kjøpte Alversund & Manger endå ein bil til hjå Jæger - ein brukt 12-setes Chevrolet - for ein pris av kr 2.500,-, men fullt kjørbar, står det i møteboka. 

Ved sida av Sivert Hopland og Johs. Espeland kom no Nils Thorsheim inn i biletet, og han vart tilsett for ei løn av kr 125,-pr. månad + 10 % av all køyring utanom rute. 

Når det galdt Radøy var strekkja Kjeset - Instebø veglaus like til i slutten av 30-åra. Så då rutene vart lengde til Mjøs og Nordanger vart det køyrt om Bøvågen, i fyrste omgang berre til Beinhanshola, seinare fram til Mjøs, Nordanger og Soltveit (Stemma). Ruta vart også lengd til Villanger. 

På Holsenøy var vegane så skrale at den fyrste bilen der kom ikkje før i 1936. Det var handelsmann Olav Hagen som kjøpte denne, og mange gonger måtte han ha hjelp til å koma opp Dalesvingane. 

Men vegane vart litt om senn utbetra der óg, så i 1938 vart det starta opp eit bilselskap som fekk namnet Holsenøy Billag, med Olav Langeland som forretningsførar. Dette billaget vart overteke av Alversund & Manger Dampbåtlag i 1947. 

Ja, det var den gongen.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal