MF «Fedjefjord»
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 09.11.2006
Motorferja «Fedjefjord» er bygd ved verkstaden
Astilleros Zamakona S.A. Bilbao, Spania og overtaking og dåp fann
stad i Bergen 2. november 2001. Ferja går i rute mellom Sævrøy
i Austrheim kommune og Fedje.
Levert som «Fedjefjord» for Bergen-Norhordaland
Rutelag ASA, Bergen i september 2001.
Overtatt av HSD Sjø AS, Bergen i april 2002.
MF «Fedjefjord» har byggenr. 496 og er bygd
under tilsyn av og i høve til byggereglar frå Det norske Veritas
og Sjøfartsdirektoratet.
Ferja er registrert i NOR (Norsk ordinært skipsregister).
Ferja har passasjersertifikat for fart i samband der ho
ikkje passerer opne havstrekningar på meir enn 25 n. mil.
MF «Fedjefjord» er ei pendelferje, bygd for
diesel-elektrisk framdrift og har følgjande vitale mål:
Lengde: 63,55 m
Breidde: 13,70 m
Djupgåande: 3,99 m
Gjennomkøyringshøgde: 5,00 m
Brutto tonnasje: 2.232 tonn
Framdrift: 13 knop
Motorytelse: 2136 kilowatt
Ferja har ein kapasitet på 130 passasjerar og 42
bilar eller fire trailerar. Billastkapasiteten er på max. 220 tonn.
Overfartstid: 30 minuttar. |