Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Nordhordland
Samferdsle
 

 

 
Førespel
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 30.11.2006

Laurdag 15. mai 1880 vart Lindås-Masfjorden Dampskipsselskap stifta. Vi var inne i ei vokstertid både åndeleg, nasjonalt og sosialt. I litteraturen er vi i den store gullalderen med dei fire store - Bjørnson, Ibsen, Kielland og Lie - i full produksjon. 

Åsmund Olavson Vinje har lege i grava i ti år, Ivar Åsen går inn i sitt 67-ande, Arne Garborg i sitt 29-ande, Og Per Sivle er 23 år gamal. Kan vi tenkja oss større kultar i norsk åndsliv samstundes ? Nei, det skal vel godt gjerast. 

På det rikspolitiske plan er det store namnet Johan Sverdrup. Namnet hans har ein eigen dåm og klang over seg. I meir enn 30 år stod han i fremste rekkja mellom dei som stridde for folkestyre og sjølvstende. Storverket hans var at han greidde å samla bøndene om dei nasjonale og demokratiske idear, og han må vel også med rette kallast parlamentarismen sin far her i landet. 

Det var i sanning ei vaknings- og brytningstid landet vårt var inne i. Det var ei bryting mellom gamalt og nytt, mellom embetsmannstyre og folkestyre. Og midt oppe i dette stod Bergen med det nyskipa Vestmannalaget - det fyrste mållaget i landet - og storkommunen Lindås, og den pur unge Masfjorden. 

Berre for eit år sidan hadde dei skild lag. Like frå formannskapslovene vart vedteke i 1837, og kommunane hadde fått sjølvstyre, var Lindås ein storkommune som saman med Manger utgjorde det meste av ytre Nordhordland. 

I 1856 hadde Lindås fått sin eigen brannkasse, det seinare Lindås-Masfjord Gjensidige Brandtrygdelag, og i 1865 vart Lindås Sparebank skipa. Sjølv om Lindås kommune vart munaleg mindre i 1879 då Masfjorden vart skild frå, vart likevel Austrheim og Fedje verande att i moderkommunen fram til året 1910. 

Det er mange personar som kunne nemnast som årsak til at den vaknande og viljande sjølvråderetten gjorde seg gjeldande i desse kommunane. Eitt av namna er sokneprest Jacob Hveding i Lindås. Han gjekk inn for Wergeland sitt program om eit opplyst, nasjonalt og kristeleg kultivert folk. Noko av det han sette høgst var å verta kalla lærar for folket. Ja, han vart endå til kalla «far». 

Elles hadde kommunen hatt stortingsmennene Johannes Johannesson Spjeldnes og Eirik A. Riisnæs. Den fyrstnemnde av desse var på tinget då formannskapslovene vart førebudde, og er rekna som ein av fedrene deira. Diverre døydde han i alt for ung alder etter ei kollsigling på Salhusfjorden, der han fekk helseknekk og kort levetid etter den. 

Den andre av dei - Eirik A. Riisnæs - hadde vore ordførar i Lindås i ei årrekkje. Han hadde og vore stortingsmann frå 1857 til 1870. Då no Masfjorden vart fråskild, var det naturleg at han vart den nye kommunen sin fremste mann. 

Med slike kultar i det politiske livet både på det nasjonale og lokale plan, var det ikkje å undrast over at folket vakna og synte interesse for alt som ovra seg i tida. 

Garborg skreiv om jærbuen: 
Det er eit sterkt, tungt folk, som grev seg gjennom livet med gruvling og slit, putlar med jordi og granskar skrifti, piner korn av auren og von av sine draumar, trur på skilling og trøystar seg til Gud. 

Denne karakteristikken skulle truleg kunna høva nokolunde på nordhordlendingane også. Det var garden og jorda dei hadde å leva av, og mang ein ungkar som sjølv ikkje var odelsgut eller åtte gard såg meir på denne enn på jenta han han gifta seg med, når ho berre var jordajente. Men vi trur ikkje at ekteskapet eller samlivet vart dårlegare av den grunn. Dei fleste greidde å tilpassa seg kvarandre og kom stort sett bra frå det. I felles slit for seg og sine gjekk livet sin jamne gang, anten no ekteskapet bygde på kjærleik eller nytte - eller ei sann sameining av båe delar. 

Ei brytningstid var det også innanfor samferdsla. Gjennom alle år hadde ein måtte ro eller sigla når ein skulle til byen eller kommunale møte i den vidsveimde kommunen. Men dei siste åra hadde dette teke til å endra seg. Alt i 1864 hadde den fyrste dampbåten teke til å gå i fjordane våre. Det var fabrikkeigar Jebsen i Arna som hadde kjøpt ein liten dampbåt til å frakta varene sine med, og som også førde passasjerar. Båten heitte «Arne», og var 65 for lang og 41 br. reg. tonn. Jebsen let denne båten gå vidare frå Arna og inn i Sørfjorden, der han gjekk tre turar i veka. Men dette gav ikkje full utnytting av han, og som den dugande forretningsmann Jebsen var, sette han i 1866 båten i rute på Lindås og Masfjorden ein tur i veka. Alt i 1869 hadde trafikken auka slik at han kjøpte ein noko større båt til som heitte «Natalia», og med denne båten vart ruta utvida til to turar i veka. 


Båten til venstre - den minste av dampbåtane - er den fyrste d/s «Arne» som vart bygd i 1863. 
Jebsen kjøpte båten i 1864. Som vi ser fører han slep med varer til eller frå Arna Fabrikker. 

I 1870 kom det meir fart i dampbåtferdsla. Då vart det skipa eit privat dampskipsselskap i Bergen som fekk namnet Nordhordlandske Dampskibslag, og båten deira heitte «Voss». Han gjorde sin fyrste tur til Sandnes (Masfjorden) onsdag 24. august 1870. Vi veit ikkje med full visse kva tid denne båten tok til å gå lenger inn i fjorden. Men av gamle papir har vi funne at i 1872 gjekk han i alle høve til Solheim. 

I 1873 sette kjøpmann Næsgaard i Bergen også inn ein båt i rute på Nordhordland. Denne båten heitte «Helene», og han kalla selskapet sitt for Bergens Dampbaatlag. Denne båten gjekk i rute til ut på hausten 1878. 


D/S «Voss» vart bygd ved B.M.V i 1870. Lengd: 85,8 fot, breidd: 14,8 fot, og var på 67,2 br. reg. tonn. 
Med ei B.M.V- maskin gjorde båten 9 mils fart. Eigar av båten var Det Nordhordlandske Dampskibssamlag og Captein ombord var P.S. Dahl. Vart seld til Sverige i 1894. Biletet er eit fotografi av eit målarstykke frå 1873. Eigar av bilete: Bergens Sjøfartsmuseum. 

Det ser ikkje ut til å ha vore noko fast rute den komande vinteren, men i 1879 vart det på ny stifta eit dampskipsselskap. Det var kjøpmann Jæger i Bergen og dokter Collet i Lindås som var hovudeigarane av dette, og namnet var Ytre Nordhordlands Dampskibsselskab. Dette namnet vart lite brukt, for i Bergen vart det på folkemunne kalla Det Jægerske, og i distriktet Det Colletske. Dokter Collet var også sjela i selskapet, og han ofra mykje av arbeidskrafta si på det. Med tre båtar - «Fritjof», «Helene» og «Lindaas» - gjekk dei inn i 80-åra i tru på å verta einerådande om samferdsla i Nordhordland. 


D/S «Fritjof» og «Helene». 
Bilete er fotografi av eit målarstykke frå 1877, og det syner brudlaupsferda til brørne Nils og Carl Isdal den 27. juni 1877. Dei vart gifte ved Hamre kyrkje. 

Men no kom også den vanlege mann inn i bildet. Med vaknande sjølvkjensle av at dei tidlegare tiltak med bank og branntrygdelag hadde lukkast, ville folket sjølv overta dampbåtferdsla. Dei såg at eit privat selskap kunne vera godt, men det stetta ikkje dei krava som no tok til å gjera seg gjeldande med betra samkvem mellom distrikta og byen. Det hadde teke til å koma fart i jordbruket med betre kyr og aukande produksjon av mjølk og andre matvarer, og marknaden for omsetnad var Bergen. Difor nytte det ikkje med to-tre ruter i veka av eit privar selskap som dreiv for å tena pengar. Det måtte faste ruter til. Slik det no hadde vore vart det lyst i bergenspressa når båtane skulle gå, og det var ofte på ulaglege tider for bøndene. 

Dette ser vi m.a. av ei lysing i Bergens Tidende laurdag 14. februar 1880 - same dagen som det fyrste opptaket vart gjort til skiping av Lindås-Mafjorden Dampskipsselskap: D/S «Lindaas» i Manger-Lindaasrouten Mandag Morgen kl. 7 og D/S «Helene» i Lindås-Masfjordrouten Mandag Morgen kl. 7. 

Noko særleg høvande avgangstid kunne ikkje dette vera, då bygdefolk som hadde vore på bytur måtte vera heile helga i byen før dei kom seg heimatt. 

Difor er det vi finn ein del gode menn samla i Bergen saman med kjøpmann M. Svr. Larsen om kvelden laurdag den 14. februar 1880. Der hadde dei det fyrste møtet om å skipa eige dampskipsselskap. Diverre seier ikkje møteboka kven som var tilstade, men oppropet dei sende ut til folket i Nordhordland lytte ordrett slik: 

Da vi i lang Tid har følt Savnet ved ikke at have vor egen baad (Dampskib) og da vi under det nu bestaaende er udsat for den største Vilkaalighed bade hvad Fragtstipulation og forskellige imødekommelser som maa kunde ventes af en Dampforbindelse fra vore Kanter, saa er det at vi Undertegnede inbyder til Actietegning til et nyt Tidsmæssigt og passende Dampskib at kunne sætte paa vore Fjorde med Routen Bergen-Masfjorden-Myking og Lindaas; fuldt overbevist om, at kun den fulde Tilslutning fra Landsbefolkningens Side maa lægges til Grunde for Foretagendet ifald det skal lykkes, er det vi idag inbyder til Ovenstaaende og anbefaler samme til varmeste og bedste Støtte gjennem en ordentlig Actietegning. 

Bergen, Komiteen for det nye paatenkte Dampskib paa Routen Lindaas, Myking og Madsfjorden, den 14. Februar 1880. 

Det var opptaket - og vi vil understreka: Her som elles var det det private initiativ som gjekk føre. Det var forretningsmenn med tru på seg sjølv, og stor hug til å gå nye vegar. At desse vegane ikkje alltid førde til den einskilde brukar sitt mål, eller bate, kan vi godt skjøna. Deira innsats skulle helst gje utbytte, og då vart det gjerne teke meir omsyn til dette enn til folkebaten. Men vi skal likevel takka dei. Takka for framsyn og vilje til å gå føre og opna veg. For det var ikkje så einfelt å venda reisevanane frå det gamle hevdvunne, til dampen og nyetida. Bøndene har aldri vore snøgge i snuen, og dei var det heller ikkje denne gongen. Små kår og lite pengar mellom hendene hadde gjort dei sparsame, og ei byferd som ikkje kosta kontante utloger i reisepengar gav høve til kjøp av fleire naudturvande ting. 

Dei 12-14 åra som hadde gått sidan dampbåtferdsla tok til hadde endra dette synet. No kom dei sjølv sigande, og då var det inga makt som kunne stoppa dei. Dei hadde viljen, dei held på å tileigna seg kunnskapen, og ei vaknande tru på eigen dugleik voks fram og gjorde dei sterke. Og i tru, von og offervilje sette dei heile si kraft inn og gav seg i kast med oppgåver som tyktes like vanskelege på det lokale plan, som dei som vart tekne på det rikspolitiske mellom to og tre ti-år seinare. 

----------------------------------------------------------- 
Artikkelen er henta frå BNR-nytt 1980 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal