Alværsund & Mangers Dampskibsselskab
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 08.11.2006
Alværsund og Mangers Dampskibsselskab vart skipa
den 17. mai 1895, og bygde vidare på dampskipsselskapet som Seimstrandens
Meieri skipa i 1891.
Meieriselskapet - eller Seimstrandens Dampskibsselskab
- som det vart kalla, hadde bygt sin fyrste og einaste båt i 1891.
Han fekk etter mykje diskusjon namnet «Seimstrand» og han gjekk
åleine som mjølkebåt frå Seim til i 1895.
Då var det at folket i Alversund og Manger kommunar
saman skipa Alværsund og Mangers Dampskibsselskab, overtok båten
«Seimstrand», og bygde same året den fyrste dampbåten
«Manger». Levetida hans var ikkje lang, for alt i 1910 vart
han pårend av d/s «Sogn» utanfor Helleneset, og sokk
der.
Dette selskapet var det som i 1900 bygde den fyrste «Alværsund».
Han var 82 fot lang, og mælte 98 BRT. Båten vart bygd ved Stavanger
Støberi & Dok, Stavanger, og hadde Compound dampmaskin på
23 NHK, også levert frå same
skipsbyggeriet.
«Alværsund» var i selskapet si eige
til i 1918, då han vart seld til A/S Yttre Midthordlanske Dampskipsselskap.
Der fekk han namnet «Vatlestraumen».
Dei åtte båten til i 1952, då han vart
seld til Gerhard Midttveit, Telavåg. Då reiv den nye eigaren
ut dampmaskinen og sette inn motor i han. Kor lang tid Midttveit åtte
han, veit vi ikkje. Men han selde i alle høve båten vidare
til Kåre Hagesæther, Leiknestangen. Han bygde båten om
til lastebåt, og gav han namnet «Lystein».
I 1972 vart båten på ny seld, og denne gongen
til Oluf Thomassen, Bergen, som selde han att til partlaget Børtveit
og Aga, Steinsland, i 1976.
I 1980 vart båten seld vidare til A/S Urdal Sandkompani,
Bergen, som hadde han til i februar 1981. Då vart han seld til John
Voll, Buøy.
Så den fyrste «Alværsund» vart
«gamal og mett av dage», som det står skrive. Korleis
det gjekk vidare med «Alværsund» veit vi ikkje. Kanske
du kan hjelpe oss med opplysningar ?
Den andre «Alversund» vart bygd ved Mjellem
& Karlsen, Bergen, i 1926, også av Alværsund & Mangers
Dampskibsselskab. Året etter - i 1927 - vart namnet på selskapet
endra til Alversund & Manger Dampbåtlag.
Den nye «Alversund» var 117,1 fot lang, og
mælte 178 BRT. Han hadde Triple expansion dampmaskin på 53
NHK, og gjorde gode 12 mils fart. Alt under bygginga fekk båten innstalert
elektrisk ljos, og han var den fyrste av selskapet sine båtar som
hadde slikt. Det gjekk fram mot midten av 30-åra før dei andre
fjordabåtane fekk det, og dei siste fekk ikkje ljos før i
1938.
«Alversund» er truleg den vakraste av alle
båtar selskapet har eigd. Han hadde reine vakre linjer, var stor
og drektig, lasta mykje, og tok 312 passasjerar.
I 1939 rekvirerte Den Kgl. Norske Marine «Alversund»
til vaktskip. Han kom med i krigen, og då besetningen såg at
han ville verta overteken av fienden, søkkte dei han ned i Valevågen
den 25. april 1940. Ikkje lenge etter tok tyskarane «Alversund»
oppatt. Dei reiv heile overbygget av, og nytta båten resten av krigen.
Fyrst sommaren 1945 fekk selskapet båten att. Han
vart straks ombygd, og sett innatt i rute i 1946. No hadde han fått
ein storleik på 223 BRT, men tok berre same passajertalet. Dessutan
fekk han ein annan overbygning enn den han hadde før krigen, slik
at livbåtane vart sette ned på brudekket - bak postlugaren.
«Alversund» vart verande i selskapet - som
no hadde fått namnet A/S Bergen-Nordhordland Trafikklag - til i 1966.
Då svikta kjelen, og ny kjel ville verta for kostbar. Difor selde
selskapet båten til Ivar Matre i Åsane, som bygde han om til
lastebåt og sette inn ny Wichmann dieselmotor på 240 BHK. Matre
endra namnet på båten til «Alverstrømmen».
Etter ein brann ombord i 1973, vart han på ny seld
til Bertin Solsvik, Solsvik. Han sette båten i god stand, og kalla
han «Kiloran». |