Indre Nordhordlands Dampskibsselskab
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 08.11.2006
Den 29. mai 1891 var det konstituerande generalforsamling
for Indre Nordhordlands Dampskibsselskab. Det nyskipa selskapet gav seg
straks i kast med krevjande oppgåver.
«I Kraft av Fuldmagt given av Generalforsamlingerne
i «Ole Bull» og «Osterø»s Dampskibsselskaber
kand undertegnede inden 30de Desember 1890 vedtage at de to nevnte Selskaber
skald sammensluttes til et». (Saksa frå eit møte mellom
dei i slutten av 1890).
Det nyskipa selskapet gav seg straks i kast med krevjande
oppgåver. Båtane dei hadde overteke «Osterø»,
«Ole Bull» og «Arne», greidde ikkje å stetta
ei tilfredstillande ruteordning. Så alt i januar 1894 vart det teikna
kontrakt om bygging av ny båt. Han vart bygd i Newcastle, og levert
same året. Båten fekk namnet «Johan Jebsen», og
han vart ein tru tenar i selskapet gjennom meir enn 50 år.
«Johan Jebsen» var elles ei kort tid ute or
selskapet si eige. Den 24. november 1914 var han på veg inn til Eidslandet.
Fjorden var islagd, og under stampinga i isen fall ein lampe ned frå
taket. Det tok fyr i olja som rann utover, og mannskapet greidde ikkje
sløkkja elden. Kapteinen sette båten på grunn ved Kalandsholmane,
og han vart svært skadd av brannen. Men ingen av dei reisande eller
besetningen omkom.
Vraket av «Johan Jebsen» vart seld på
auksjon den 4. januar 1915. Assuranseselskapet som overtok båten
sette han på ny i stand, og den 5. juli 1915 kjøpte selskapet
han att for kr. 83.000,-
Like etter 1906 greidde desse fire båtane trafikken
tolleg bra. Men då vart Mostraumen oppmudra, og modølane sette
fram krav om betre rutesamband. Så i 1907 vart det vedteke å
byggja ein båt til, og i januar 1908 vart det teikna kontrakt med
Kristiansands Mekaniske Værksted om nybygging. Båten vart levert
same året, han kosta kr. 97.000,-, og namnet hans vart «Oster».
«Oster» vart symbolet på sjølve
gamletida i selskapet, og tente det trufast i 56 år.
I 1913 vart «Arne» seld. Han hadde gått
på fjordane like frå 1877, og var den andre båten med
dette namnet. Einar Hausvik & Co. i Bergen kjøpte han, og kva
som vidare hende med båten kjenner vi ikkje til.
For å fylla romet etter «Arne» bygde
selskapet ein ny båt i 1914. Han vart bygd hjå Mjellem &
Karlsen i Bergen, og fekk namnet «Haus». Båten kunne
ta 250 ferdafolk, og han kosta kr. 95.000,-
Om ikkje «Haus» vart så legendarisk
eller fekk slik omtale som «Oster», var han truleg selskapet
sin vakraste båt. Han hadde fine reine liner, og vart bygd etter
dei same teikningane som «Austrheim» og «Seimstrand»
var bygde etter året før.
No var flåten godt rusta. Men alt same ettersommaren
braut den fyrste verdskrigen ut. Kolprisane flaug i veret, og rutene måtte
innskrenkast. I 1918 viste rekneskapen underskot for fyrste gong i selskapet
si soge. Det var på kr. 7.405,-, så målt i våre
pengar var det lite å tala om. Men gamlekarane likte det ikkje. Drifta
skulle bera seg.
Året før hadde dei seld «Osterø».
Han gjekk såleis ut or selskapet si eige i 1917, og han forliste
under namnet «Thor Magnus» i 1932.
I 1919 kom turen til «Ole Bull». Men han vart
likevel gåande lenge på fjordane våre som lastebåt.
Han overlevde også andre verdskrigen, og forliste i 1951 ved Ombo
under namnet «Ombofjord».
I to år, frå 1924 til 1926, åtte selskapet
ein artig båt som dei gav nanet «Hamre». Båten
var bygd i Kristiansand i 1911, og det fyrste namnet var «Farø».
Denne båten var lite i Sør- og Osterfjorden, så etter
to år gjekk han over til ny eigar under namnet «Farø
2». Men alt året etter, i 1927, kjøpte Olav Bjørkum
på Frekhaug båten. Han starta då opp eit konkurranseselskap
men Alversund & Manger, som han kalla Alversund & Meland Eimbåtlag.
Bjørkum døypte båten om til «Frekhaug»,
og under dette namnet gjekk han til han vart opphogd i 1947. Men då
var båten overteken av Alversund & Manger dampbåtlag, som
hadde slukt heile Bjørkumselskapet i 1943.
I 1927 kjøpte så selskapet ein ny «Hamre».
Denne båten var bygd i Kristiansand i 1910, og heitte «Tinfos».
Båten var såleis 17 år gamal då selskapet kjøpte
han, og no fekk han namnet «Hamre».
Med desse båtane greidde selskapet seg like fram
til 1939. Då vart den fyrste sjøbussen bygd, og dette skjedde
ved Glommens Mek. Verksted i fredrikstad. Båten kosta kr. 243.000,-.
og han vart kalla «Hosanger I».
Dette vart det fyrste brotet med gamletida. Den nye båten
hadde ikkje dampmaskin, men motor. Dessutan hadde han ein heilt annan utsjånad
enn dei andre båtane. I eldre folk sine augo var han vel heller lite
vakker, men han var ein god båt for dei reisande. Og det talde mykje
i dei lange rutene, særleg om sommaren og i storhelgene.
Straks etter kom krigen. Det vart ei hard og vanskeleg
tid, for både «Haus» og «Oster» vart rekvirert
av den norske marine, og seinare av den tyske okkupasjonsmakta. Då
freden kom i 1945 måtte båtane ombyggjast, då dei vart
sterkt nedslitne etter hard medfart.
I 1949 kom så «grombåten» som
sette alle dei andre i skuggen. Det var «Bruvik», bygd ved
Glommens Mek. Verksted, og levert i juli månad 1949. Denne båten
var på heile 307 br. reg. tonn, og han kosta kr. 1.328.000,- Men
så var det også noko til båt, som det gjekk gjetord om
langt ut over selskapet sitt ruteområde.
Den fyrste som vart seld var «Hamre». Det
skjedde alt året etter, i 1940. Han har seinare heitt Blåøy»,
og frå 1971 «Mira».
I 1951 kom turen til «Johan Jebsen». Han vart
og ombygd til lastebåt, fyrst under namnet «Ulstein»,
og seinare «Mestein». I 1962 grunnstøytte han og sokk
ved Hesteskjær sør for Kristiansund.
«Haus» vart gåande til i 1960. Då
var tida hans ute. Nyetida hadde ikkje lenger bruk for han. Men ferdig
på sjøen var han ikkje. Han vart ombygd til lastebåt,
og fekk namnet «Listein».
Til slutt kom turen til «Oster». I 56 år
gjorde han teneste i fjordane våre, og han frakta vel 1 milliona
reisande desse åra.
Julehelga 1963 gjorde han si siste ferd i Osterfjorden,
og året etter, i 1964, vart han seld. Mange freista redda båten,
slik at han kunne verta verande i Bergen. Men det gjekk ikkje. Pietetskjensla
var ikkje så stor då som ho vart seinare, og difor måtte
han gå. Han var den siste kolfyrde dampbåten i Bergen, og få
har vorte hylla slik som han.
«Hosanger 1» vart seld i 1973,og «Bruvik»
i 1979. Men då heitte ikkje selskapet Indre Nordhordland Dampbåtlag
lenger.
For den 1. januar 1974 gjekk Indre Nordhordland og Bergen
Nordhordland Trafikklag saman, og det nye namnet vart A/S Bergen-Nordhordland
Rutelag.
Dei små einingane si tid var over. Og skal vi vera
heilt ærlege er det vel ingen som for ramme alvor ynskjer gamletida
attende.
Men vi saknar båtane, og drøymer om dei i
stille nattetimar. Vi ser dei for vårt indre auga, og minnest dei
som var mannskap ombord. Dei var ikkje berre selskapet sine tru tenarar.
Nei, dei var heile distriktet sine. På den vesle fritida dei hadde
måtte dei ofte gjera ærend for bygdefolket. Det kunne vera
medisin, ei tåteflaske eller narresmokk, eller eit hypoteklån
som skulle betalast. Mannskapet gjorde det. Dette var så sjølvsagt
at det var ikkje noko å tala om eingong.
Og den som har sett landternene koma framom neset i dei
mørke kveldane og høyrt ulet frå dei kjende dampfløytene,
gløymer det aldri. Det var gamletida på sitt beste.
Med vyrnad og age minnest vi dei som gjekk føre
og bygde opp dei små selskapa. Store midlar hadde dei ikkje. Men
dei hadde ei urokkeleg tru på at det skulle lukkast. Og som Vinje
seier:
«Dei åtte det som du må hava
om eingong du skal verta stor».
----------------------------------------------------------
Artikkelen er henta frå BNR-nytt nr. 4 - 1981 |