Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Nordhordland
Samferdsle
 

 

   
A/S Bergen-Nordhordland Rutelag 1974 - 1980
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 08.11.2006

Den 1. januar 1974 vart A/S Bergen Nordhordland Trafikklag og Indre Nordhordland Dampbåtlag slegne saman til eitt selskap under namnet A/S Bergen-Nordhordland Rutelag. 

Toppsjefen i B.N.T. - Thorolf Thunestvedt - vart adm. direktør, og disponent Hans H. Karlsen i Indre Nordhordland Dampbåtlag vart soussjef. 

Same året vart storparten av vegen mellom Knarvik og Fonnes opna for full trafikk. Dette var ein veg av særs høg standard, og nyetida gjorde seg for alvor gjeldande på Lindåshalvøya. 

Langruta mellom Osterøy og Oslo- området måtte leggjast ned. Kostnaden vart for stor, så inntektene greidde ikkje å dekka han. 

Året 1975 vart eit merkeår i laget si soge. Då vart det for fyrste gong vald bedriftsforsamling, der og dei tilsette i laget kom med. Den gamle ordninga med val av råd fall bort, og rådsformannen fekk no namnet ordførar. 

Den 1. juli same år vart ferjeruta Breistein - Valestrandsfossen overteken av selskapet. Ferja og konsesjonen her hadde i likskap med Haus - Garnes vore i privat eige, men selskapet kom til ein avtale med ferjeeigar Karl Håland slik at både ferja og konsesjon vart overteken. No hadde selskapet hand om heile ferje- trafikken i ruteområdet. 

Same hausten vart også vegen mellom Bysheim og Lonevåg teken i bruk. Vegen opna ei heilt ny framtid for mange bygder, og han gav store deler av ruteområdet ei langt kortare reisetid. 

1. juni 1976 vart heile rutebiltrafikken mellom Bergen og Arna overleten til Åsane Billag og A/S Bergen-Hardanger Billag. Dei overtok og 11 av selskapet sine personbussar etter takstpris. 

I juli månad vart vegtunnellen mellom Eksingedalen og Modalen opna, og selskapet la ned dei siste båtrutene sine på Sør- og Osterfjorden etter 85 års drift. 

I april månad 1977 vart det nye storbygget på Lonevåg overlevert. Bygget gav rom for sentralverkstad for heile Osterøy, stor garasje, og lyse og tidhøvelege kontor. 

Same hausten vart Flatøy knytt til Holsenøy med bru. Om eit par år vil også Holsenøy og Flatøy verta knytte saman med Lindåshalvøya med ei ny bru over Hagelsundet. Arbeidet på denne er no i full gang. 

Tidleg på hausten 1978 vart brua mellom Fosenøy og Njøten opna. No vart den lokale båtruta mellom desse stadene nedlagd. 

Seinare på hausten vart det sett i gang ferjesamband mellom Rossnes på Radøy og Gråvik på Byrknesøy. Førebels går denne ferjeruta eit par dagar i veka, men så snart ferjeleget på Leirvåg er bygd vil det verta gode daglege samband. 

I 1979 fekk selskapet sin fyrste snøggbåt, m/s «Manger», som tek 189 passasjerar. Båten er bygd hjå A/S Fjellstrand Aluminium Yachts i Omastrand. Gjennom ei årrekkje hadde det vore søknader inne hjå styresmaktene om ein slik, men no vart det røyndom. 

Den siste av dei kombinerte båtane, m/s «Bruvik» vart seld same hausten etter å ha tent selskapet i 30 år. 

Ferjeflåten har dei siste åra hatt stor vokster. I 1976 fekk selskapet den fyrste storferja - «Nordhordland» - ein dobbeltdekkar som tek 93 bilar og 480 passasjerar. 

I 1979 kom andre storferja - «Seimstrand» - som tek 70 bilar og 399 passasjerar. I mars 1980 kom den tredje storferja som fekk namnet «Bruvik». Ho tek 50 bilar og 395 passasjerar. 

Selskapet har no 12 gode ferjer i drift, og ei mindre ferje, som vil verta seld med det fyrste. 

Styret i jubileumsåret (1980) er: 

Knut Magnus, formann, Harald Hagesæter, varaformann. Eivind Brandal, Ole Danielsen, Ludv. Daae, Leif Greve, Steinar Hatland, Håkon Haukeland, Torfinn Hjertås, Harald Hundvin, Leif Kvinge, Gustav Morken, Ole O. Nødtvedt, Sigv. Nævdal og Johan Rongved Reigstad. 

Ordførar i bedriftsforsamlinga er Mons R. Mjelde. 

Adm. direktør er Thorolf Thunestvedt, og Hans H. Karlsen er soussjef. 

Førespel til 100-års jubileet, som vi skreiv i BNR Nytt nr. 1 d.å. 

Når det gjeld det tredje av dei samanslegne selskapa si soge - Indre Nordhordland Dampbåtlag - har vi berre så vidt kome inn på hendingane dei siste to-tre 10 åra. Her syner vi elles til selskapet si 80-års soge skriven av Harald Hagesæter, og skriftet undervisningsleiar Erling Virkesdal ved Bergens Sjøfartsmuseum gav ut til utstillinga om Gamledampen, som dei hadde hausten 1979. 

Di meir vi les om dei som gjorde opptaket, di meir imponerte vert vi over tiltaksviljen og vågemotet. Vi kan ikkje nå dei med takk, men i audmjuk vyrdnad bøyer vi hovuda våre i age for det dei gjorde og det dei ofra av tid, krefter og direkte pengeutloger. Dei gjekk føre i dei vanskelege år og la tilhøva til rette for oss som kom etter, og no kan nyta fruktene av offeret og slitet. 

Noko synlege minnesmerke har dei ikkje fått. Det ville dei vel heller ikkje ha sett pris på. Dei var alt for smålåtne til det. Men i takksemd og vyrdnad vil vi tileigna dei Per Sivle sitt dikt: 

BAUTAR 
Der står i Norge så mang en sten 
på vagt over gamle høvdingers ben, 
og flere stod der i fordums tider; 
men så kom forfaldets stund omsider. 
Og navnet glemtes, og bauten skjendtes, 
og Norges hæder til vanvyrd vendtes. 

Men tidsklokken ringed til dag påny, 
og atter lå Norge i morgengry. 
Og folket vågned og speided henover 
de hauger hvor fortidens nordmænd sover. 
Det løfted bautar i sterke favne og rensed mos 
af de gamle navne. 

Og Norriges tog gik fremad igjen, 
og bautar blev reist over foregangsmænd. 
Og navnene lyser, og minderne maner os længere frem 
på de merkede baner. Og viljerne ildnes, 
og hjerterne banker mod nutidens dåd 
for fortidens tanker. 

Og holder et folk sine bautar iagt, 
det står for sin egen fremtid på vagt. 
Men lader det bautarne synke i gruset, 
det graver sin grundvold væk under huset. 
- Lad bautarne holdes reiste og rene. 
Thi bautar er folkenes mile-stene. 
    
----------------------------------------------------------------- 
Informasjonen er henta frå BNR-Nytt nr. 2 - 1980. 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal