I Nordhordland si teneste
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 07.10.2004
1. januar 2004 var det 30 år sidan det vart eitt
ruteselskap i Nordhordland. Frå styresmaktene si side hadde nok kongstanken
om eitt stort ruteselskap lenge vore i emning. Då nordhordlendingen
Mons Lid vart fylkesmann, vart dette ei av dei merkesakene han yngste å
gjennomføra.
M/S Bruvik
Mons Lid vart fylkesmann i 1949, og alt i 1951 skjedde
den første samanslåinga av dei mindre einingane, med di Alversund
& Manger Dampbåtlag vart slege saman med Lindaas-Masfjorden Dampskipsselskap
under namnet A/S Bergen-Nordhordland Trafikklag.
Den andre samanslåinga greidde han ikkje i si tid,
då han gjekk av som fylkesmann i 1966.
Det vart etterfylgjaren hans - vossingen Lars Leiro -
som greidde denne bragden, og no er det altså gått 30 år
sidan det hende.
Vi som er komne litt opp i åra, veit at det er sterke
kjensler som ovrar seg når slikt skal skje. Ei blanding av motstridande
interesser og avundsjuke er ikkje ukjende fenomen korkje i by eller på
land, og få eller ingen har lyst til å missa goder som ein
gjerne har stridd seg til.
Difor vart samanslåinga i 1951 ein bitter pille
for mange, då dei to selskapa det gjekk ut over meir eller mindre
hadde konkurrert med kvarandre gjennom nærare 56 år. Det gjekk
mange år før det personlege pronomen vi vart brukt. Det gjekk
helst på oss og dei, og vi kan vel i dag slå fast at det var
ei svært vanskeleg oppgåve den fyrste administrerande direktøren,
Hans A. Trovik, fekk.
Men livet gjekk sin gang. Gamle slutta, og nye tok til.
Så etter ein del år gleid alt roleg og fint, noko som den diplomatiske
og smilanda direktør Oddvar Johannessen må ha ei stor ære
for.
M/F Masfjord
Frå 1. januar 1964 kom så den store heradsreguleringa,
der dei små herada vart slegne saman til storkommunar.
Denne samanslåinga reiv mange fordomar bort. Dei
små einingane vart brått store.
Dei gamle bygdelistene ved val av heradstyre fall bort,
og politiske lister vart innførde.
Utkantane vart endå meir utkantar enn før,
og det som tidlegare hadde vore sentrale luter i eit herad, måtte
no nøya seg med å verta utkant i ein storkommune.
Tek vi til eksempel Radøy føre oss, fann
du hereda Sæbø, Manger og Hordabø. Dessutan kom Lindås
og Austrheim inn i nordaust, og Alversund i sør. I dag er heile
Radøy ein storkommune, unnateke den luten som høyrde til
Alversund. Han høyrer no til Lindås.
På Osterøy såg det noko liknande ut.
Der fann vi herada Hosanger, Hamre, Haus og Bruvik. Både Hamre og
Hosanger nådde nord om Osterfjorden, og dei delane som låg
der vart lema inn i Lindås, medan Flatøy gjekk til Meland.
Derimot høyrer strekkja Grøttå - Kaldestad - Gammersvik
til Vaksdal, elles er heile øya no ein storkommune.
Det var difor ei naturleg utvikling då dei to selskapa,
A/S Bergen-Nordhordland Trafikklag og Indre Nordhordland Dampbåtlag,
vart slegne saman til eitt selskap den 1. januar 1974, og selskapet fekk
namnet A/S Bergen-Nordhordland Rutelag.
R 1111
Dessutan skjedde samanslåinga i ei økonomisk
oppgangstid, og alt låg vel til rette for eit godt og gjevande samarbeid.
Vi merka få av dei indre rivingar vi hadde vore
ute for tidlegare. Både styret og administrasjonen gjekk frå
fyrste dag inn for at det var eitt selskap, og Thorolf Thunestvedt som
alt var direktør i det største av selskapa vart administrerande
direktør, medan disponent Hans H. Karlsen i det minste, vart soussjef.
Alt frå den fyrste ungdomen av hadde desse to arbeidd
saman i Fylkesbaatane, så noko riving mellom dei vart det ikkje.
Ulike i veremåte utfylte dei kvarandre, og dette hadde truleg mykje
å seia for at samarbeidet var så godt ned gjennom rekkjene.
Alt fyrste året (1974) gjekk ordføraren i
rådet, Nils R. Sæbø, av etter 20 års samanhengjande
teneste. Han hadde då fylt 70 år, og kunne ikkje veljast på
ny. Bonde Mons R. Mjelde, Haus, vart ny ordførar.
I 1975 fall den gamle ordninga med råd bort. Frå
då av vart det vald bedriftsforsamling, der 1/3 kom frå dei
tilsette. Den 1. juli same året vart ferjeruta Breistein- Valestrandfossen
overteken av selskapet (BNR), og ut på hausten vart vegen mellom
Bysheim og Lonevåg opna.
Den 1. juni 1976 vart rutebiltrafikken mellom Bergen og
Arna overleten til Åsane Billag og Bergen-Hardanger. I juli vart
vegtunellen mellom Eksingedalen og Modalen opna, og selskapet la ned dei
siste båtrutene på Sør- og Osterfjorden etter 85 års
drift.
Den 15.oktober tok selskapet i mot den fyrste storferja
med plass til 90 bilar, og gav henne namnet «Nordhordland».
Ferja som på førehand bar dette namnet, vart omdøypt
til «Meland».
I april 1977 vart det nye verkstad- og kontorbygget i
Lonevåg teke i bruk, og om hausten vart Flatøy knytt saman
med Holsenøy med bru over Krossnessundet.
I 1978 vart brua mellom Fosenøy og Njøten
opna, og seinhaustes vart det sett inn ferje mellom Rossnes og Gråvik.
Sumaren 1979 fekk selskapet den fyrste snøggbåten
som vart kalla «Manger», og om hausten kom den andre storferja
med plass til 70 bilar, og ho vart kalla «Seimstrand».
Året 1980 vart selskapet sitt jubileumsår.
Alt tidleg på året kom 50-bilsferja «Bruvik», og
den 15. mai vart 100-års dagen høgtida. Denne storfesten måtte
delast over to dagar, slik at alle tenestefolka med ektemakar fekk vera
med.
I
juli vart både Masfjordvegen og Romarheimsvegen opna for trafikk,
og seinhaustes vart ferjeruta mellom Leirvåg - Sløvåg
og Gråvik opna. 1980 var såleis på mange måtar
også eit jubelår. Årsmeldinga syner elles at selskapet
dette året nådde det høgste talet med tilsette tenestefolk.
524 personar hadde arbeidet sitt i selskapet ved utgangen av året.
Då er ekspeditørane i distriktet ikkje teke med.
I 1981 fekk selskapet sin andre snøggbåt
- «Lygra» - med plass til 292 passasjerar. Servicestasjonen
på Frekhaug vart teken i bruk, og selskapet fekk «Sjåbjørnplaketten»
frå Ruteskibenes Rederiforening for arbeidet med å heva ruteskipsordninga
sin kvalitet og omdømme.
Same året takka styreformann Knut Magnus av etter
29 års formannstid, og h.r. adv. Alfred G. Kvamme vart vald til ny
formann.
Året 1982 vart eit svartare år med nedskjering
av tilskot frå styresmaktene, reduserte rutetilbod, og arbeidsstyrken
gjekk ned til 489 personar. For å bøta på vanskane,
og for å seia færrast mogeleg opp, gjekk selskapet saman med
Grieg Travel og Jan H. Sunde og skipa produksjonsselskapet Runway-Norway
A/S. I dette selskapet hadde BNR 50 % av aksjane.
Fem nye og tidhøvelege bussar vart innkjøpte,
alle av særs høg standard.
Den 1. april same året vart brua over Hagelsundet
opna, og heile Meland kommune vart med dette knytt saman med fastlandet.
11. desember vart den rettelege storferja «Alversund»
overlevert til selskapet frå Trønderverftet A/S i Trondheim.
Med plass til 140 bilar og 650 passasjerar ruva den godt både i storleik
og drektigheit.
-----------------------------------------------------------------------
Denne artikkelen stod å lese i BNR-NYTT nr. 4 -
1983. |