Eigerøy
fyrstasjon
Tekst og foto: Scandion
Publiseringsdato: 05.08.2007
Eigerøy fyrstasjon ligg heilt ute på dei
ytterste klippene i Eigersund kommune. Fyret har i over 150 år halde
stand mot ver og vind og losa båttrafikken trygt forbi ein verhard
kyststrekning. I 2005 kjøpte Eigersund kommune Eigersund fyrstasjon
( unnateke fyrtårnet) av Kystverket.
Eigerøy fyrstasjon har, med det tekniske utstyret
bevart, høg fyrhistorisk verdi. Området rundt fyrstasjonen
med alle bygningar blei freda frå 1998 etter kulturminnelova. Formålet
er at dette unike område skal utviklast for å komme alle til
gode.
Fyrkommisjonen av 1824 hadde på eit tidspunk tankar
om at ein fyrstasjon skulle byggast på Eigerøya i periode
1842-1845. Arbeidet starta først opp i 1853 og fyret stod ferdig
i 1854.
Eigerøy fyrstasjon er landets eldste støypejernsfyr
og vart bygt etter topp moderne byggjemetodar frå England. Byggjeperiode
blei kort fordi fyret blei levert i seksjonar og montert direkte på
byggeplassen. Modulane blei levert av Bærums Verk og Horten mekaniske
Verskstad. Materiala til lyktehuset blei støpt på Næs
Jernverk. På det meste var 75 arbeidarar i jobb for å bygge
fyret - som vart modell for mange av dei andre støypejernstårna
som kom til langs kysten av Noreg i åra etter.
Tårnet i støypejern er 32,9 meter høgt
og fora med teglstein. For å nå toppen må ein gå
134 trappetrinn i tillegg til 34 trinn opp til inngangen. Fyret har 1.
ordens lynblinklinse frå 1897 i drift og diafon med trykktankar er
intakt.
Som oftast har dei store kystfyra ei roterande linse som
er oppbygde av to eller fleire prisme med eit glasauge i sentrum. Linsene
har ulike storleik, dei minste har eit indre tverrmål på 30
cm, kalla 6. ordens linser. Linsa på Eigerøy fyrstasjon er
på 184 cm og er ei 1. ordens linse.
Fyret blei automatisert og avfolka i 1989.
Eigerøy fyrstasjon. Foto: Scandion.
|