Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Rennesøy
Attraksjonar
Utstein kloster

 

Utstein kloster
Tekst og foto: Scandion.

Utstein kloster er landets einaste bevarte middelalder - kloster og ligg på Klosterøy nordvest på Mosterøy ved skipsleia mellom Stavanger og Karmsund. 2500 mål freda kulturlandskap vitnar om århundrer med storgardsdrift. Den lettdrivne jorda og store vidder med beitemark gjorde øya til ein god stad for ei høvdingeætt.

Klostervågen var langt fram på 1800-talet ei trygg hamn for seglskip før dei sette kursen over Boknafjorden eller til havs. 

I bakkehellet mot vågen låg det i tidleg middelalder ein storgard. Den som hadde makta her hadde ikkje berre kontroll over skipsleia, men også over innseglinga til dei vidt forgreina Ryfylkefjordane. 

Første gong Utstein er nevnt som kongsgard i historiske kjelder er i Torbjørn Hornkloves dikt om slaget i Hafrsfjord like før år 900 - fortalt av Snorre i Harald Hårfagres saga. Haraldskvædi fortel at Harald sat på Utstein som "austmennenes herre" - allvaldi austmanna.

Utstein kloster blei bygd frå 1260-åra, men truleg er nokre bygningsdelar eldre og skriv seg frå eit tidlegare kongsgardsanlegg. Kyrkja er eineståande i sitt slag i Noreg, med tårnet plassert midt mellom kor og skip.

Dette skjedde en gang i kong Magnus Lagabøters regjeringstid, 1263-1280. Kjeldene gir ikkje grunnlag for nærare datering, - men Magnus fekk Ryggjafylke som len i 1257 og oppheld seg i Stavanger i åra 1260 - 1263. I mars 1264 fekk han kjennskap til farens død på Orknøyane og slo seg ned på kongsgarden i Bergen som einekonge. Han hadde ikkje lenger bruk for ein residens i Stavanger eller ein kongsgard på Ulstein, og begge gardane kan han då ha gitt til kyrkja.

Munkane som held til her tilhøyrde augustinarordenen og kom truleg frå Olavsklosteret i Stavanger då det vart lagt ned. Dei tok over Olavsklosteret sine eigedommar, og godset auka i tillegg etter kvart. Det gav nok inntekt til å brødfø 250 personar årleg. 

Klosteret i Stavanger var truleg eit benediktinerkloster knytta til det nyoppretta bispesetet, medan Utstein kloster var under augustinerordenen og via til St. Laurentius. Det kan forklarast ved at det i England, tidleg på 1100-talet, vart stifta mange benediktinerklostre som blei knytta til bispeseta, og overgangen frå benediktiner- til augustinerordenen var etter 1250 eit europeisk fenomen.

Munkane, på det meste 20 - 30 i talet, var underlagt ein streng disiplin med regelmessig bøn, skriftlesing og messer. Eit stort tal tenestefolk tok seg av bl.a. gardsstell, bygningsarbeid og matlaging. 
 

Nedgangen for klosteret tok til då svartedauden gjorde eit stort innhogg i folketalet - og inntekt og arbeidkraft  forsvann. Tidleg på 1500-talet førte strid mellom Stavanger-biskopen og abbeden ved klosteret til væpna kamp der klosteret vart røva og påtent.

Mange kloster blei lagt ned før reformasjonen, som offisielt var gjennomført i Noreg i 1536 - 37. Utstein kloster vart lagt ned i 1537.

Etter reformasjonen stod klosteret ubrukt i lengre periodar og bygningane forfall. Christopher Garmann, som flytta hit i 1750, sette anlegget i stand med til dels store endringar. Klosterbygningane var våningshus for garden fram til tidleg på 1930-talet.

Omkring 1900 blei kyrkja sitt kor og tårn restaurert. Resten av anlegget blei sett i stand i 1950- og 60-åra - etter at Fortidsforeningens Stavangeravdeling tok over administrasjonen av eigedomen. Taket var då så falleferdig at noko måtte gjerast straks.

I 1953 trådte "Stiftelsen Utstein Kloster" i funksjon - og formålet var "å gjenreise og forvalte Utstein kloster som nasjonalt minnesmerke og ordne med dets fremtidige bruk".

Utstein klosteret er no museum, kurs- og konferansestad, men og brukt som selskapslokale og til konsertar. Store delar av anlegget er tilgjengeleg for publikum i museets opningstider.

Utstein kulturmiljø blei freda ved kgl. res. 19. desember 1999 og omfattar heile Klosterøy, Klostervågen, Fjøløysundet og nordre del av Fjøløy, i alt 2500 da. I dette området finn ein spor etter menneske langt attende - i form av buplassar, fornminner, rydningsrøyser, hustuftar og steingardar.

Kjelder:
Jan Hendrich Lexow : Utstein kloster etter reformasjonen.
Stiftinga Ulstein kloster og div. andre kjelder.

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal