Helleren i Jøssingfjord
 Forfatter: Scandion
 Publiseringsdato: 09.08.2007
Under Helleren i Jøssingfjord står restar
etter ein busetnad som går langt attende i tid. Husa slik dei står
i dag er frå tidleg 1800-talet, men delar av husa kan være
eldre. Dei kan sjå beskjedne ut for oss i dag, men sett i forhold
til si samtid er dei ikkje spesielt små eller kummerlige; mange bønder
budde i tilsvarande hus. 
 
 
 Helleren i Jøssingfjord. Foto: Scandion.  
Tidlegare stod det fleire hus under Helleren, blant anna
små driftsbygningar. Det har også vore eit sauefjøs
- ein slags innhegning der Helleren fungerte som tak. 
 Hellaren er ca 60 meter lang og inntil 10 meter djup frå
dråpefall og inn. Husa står no opne heile året. 
 I historisk tid var Helleren husmannsplass under garden
Haneberg. 
 Folk levde av fisken i havet, og husdyr som gjorde seg
nytte av det vesle foret som var å finne. 
 Husa står utan taktekking fordi fjellet beskyttar
i dag - som det har gjort i umminelege tider. I det svarte, rike kulturlaget
som dekkar grunnen i Helleren har arkeologane funne spor etter busetnad
frå eldre steinalder. Hellaren blei fråflytta på 1920-talet
- etter at den moderne industri hadde innhenta Jøssingfjord. 
 
 
 Helleren i Jøssingfjord. Foto: Scandion. 
  
 Helleren i Jøssingfjord. Foto: Scandion. 
  
 Helleren i Jøssingfjord. Foto: Scandion. 
  
 Båtstø ved Helleren i Jøssingfjord.
Foto: Scandion. 
  
 MYSIL BERGSPREKKEN. Denne informasjonstavla om Mysil
Bergsprekken, som vart født under eit steinsprang i Jøssingfjord
i 1918, står ved Helleren og var avduka 19. juni 1992 av Kjell Aukrust. 
 Foto: Scandion.  
 |