Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Aurland
Samferdsle
 

 

   
Lærdalstunnelen
        
Den 24,5 kilometer lange Lærdalstunnelen, mellom Nyheim i Aurland kommune og Håbakken i Lærdal kommune, er eit viktig bindeledd på stamvegen mellom Oslo og Bergen. Sambandet er ferjefritt og utan vanskelege fjellovergangar om vinteren. Bygginga av tunnelen tok til den 15. mars 1995. Den 3. september 1999 var det gjennomslag, og den 27. november 2000 vart tunnelen opna av kong Harald V og erklært klar for vanleg trafikk.

Ein må ikkje betala bompengar for å køyra gjennom tunnelen, slik som ein må gjennom mange andre tunnelar. Tunnelen er en del av Europaveg 16.

Tunnelen er delt inn i fire seksjonar, med tre store fjellholer mellom. Fjellholene er lyssette og skal kunna gje dei køyrande ei avveksling og letta konsentrasjonen . Om nokon skulle få problem under køyringa er det mogleg å stoppa og ta ein pause.

Tunnelfakta
Lengde på tunnel: 24 510 meter
Lengde ventilasjonstunnel: 2 100 meter
Opningsdato: 27.11.2000
Byggetid: 1995 - 2000
Kostnad totalprosjekt (2000-verdi) 1050 mill. kroner
Kostnad tunnel (2000-verdi) 930 mill. kroner
Meterpris ferdig tunnel: 38 000 kroner
Snunisjer: 15 stk
Havarinisjer: 48 stk
Årsdøgntrafikk: 1000 køyretøy
Største timetrafikk: 400 køyretøy

Første salve 15. mars 1995. Vegdirektør Olav Søfteland fekk æra av å tenna lunta.
Gjennomslag i tunnelen 3. september 1999
Opning av tunnelen 27. november 2000
5000 salver vart sprengt før gjennomslaget i september 1999
For kvar salve vart det bora 100 hol (kvar salve åt seg 5 meter inn i fjellet)
Kvar salve sprengde ut 500 kubikkmeter fjellmasse
For kvar salve vart det nytta 500 kg sprengstoff
I gjennomsnitt vart det sprengt 50-70 meter på kvar "stuff" kvar veke i drivingsfasen

Tryggingsutstyr
Nøtelefonar merka SOS for kvar 250 meter.
Brannslokkingsapparat for kvar 125 meter.
15 snuplassar for bussar og vogntog.
Skilt med teksten "Snu og køyr ut" vert tent når snuplassane skal brukast.
For kvar sjette kilometer er snuplassane bygde som store fjellhallar der vogntog kan snu utan å rygge.
Mindre havarinisjer for kvar 500 meter.
Eigne redningskanalar for politi, brannvesen og helsepersonell.
Datasamband til Statens vegvesen sine vegtrafikksentralar i Lærdal og Bergen.
Antenneanlegg for radio P1.
GSM-mobiltelefonsamband.
Telje- og fotosystem som registrerer all trafikk inn og ut av tunnelen.

Verdens lengste tunnel

LÆRDALSTUNNELEN 24 510 meter
St. Gotthard (Sveits) 16 918 meter
Arlberg (Østerrike) 13 972 meter
Frejus (Frankrike - Italia) 12 901 meter
Mont Blanc (Frankrike-Italia) 11 600 meter
Gudvangatunnelen (Norge) 11 400 meter
Kan Etsu (Japan)  11 090 meter

Kjelde:
vegvesen.no
wikipedia.no

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal