Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Balestrand
Kjentfolk
 

   

   
Lars L. Ese d.y.
Foto: Scandion
  
Lars L. Ese d.y. (1922 - 1960) greidde den bragden å bli skyttarkonge heile fire gonger. Første gongen i Os ved Bergen i 1947, deretter i Bardufoss i 1951, - så to år på rad, i 1954 i Sandnes og 1955 i Kongsvinger.

Sonen Lars Hallvard Ese, blei skyttarkonge under Landskyttarstemnet i Oslo i 1980.

Denne steinen har sambygdingar reist for å heidra Lars L. Ese d.y., den einaste som har vore skyttarkonge fire gonger. Det er vinnaren av 300 meter baneskyting som får tittelen skyttarkonge på Landskyttarstemna.

Forsvarssak og skyttarsak voks fram som ei folkerørsle i førre hundreåret - ikkje minst i fjordbygdene på Vestlandet. Som organisatorisk overbygning vart Det frivillege Skyttarvesen oppretta ved Stortingsvedtak i 1893. Skyttarlaget i Balestrand vart stifta i 1885.

Det norske Krag-Jørgensen geværet som vart utvikla i 1880-åra har rådd grunnen fram til våre dagar. Dette framifrå presisjonsvåpenet vart også brukt av den amerikanske hæren frå 1893 og ei tid frametter.

Kjelde : 
wikipedia
Informasjonstavle ved minnesteinen

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal