Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Emigrasjon

    

    
Med røter frå Gulen
Forfatter: Taryn Nelson Flolid
Publiseringsdato: 22.01.2005

Mange av dei som i dag bur i Pope fylke i Minnesota har røter i Gulen. Ved å sjå i telefonkatalogen, eller ved å gå på Chippewa Falls Lutherske kyrkje sin gravplass, vil ein finne namn som : Johnson, Midtun, Brekke, Brekkestan, Brandanger, Nyhammer, Flolid, Østgulen, Rise, Sandal, Hauge, Brosvig og Tweit. 


Chippewa Falls Lutheran Church, Terrace, Minnesota,  Pope county. 
Foto: Taryn Nelson Flolid

Pope fylke ligg i vest sentral Minnesota. Det er eit område forma av isbrear, med bølgande fjell, innsjøar og elvar. Det er områder med trelaus prærie og skogar. Amerikanske indianarar jakta og fiska i dette området til midten på 1800-talet, då dei vart tvinga lenger vest av immigrantar og USAs militære - til eit begrensa reservatområde. Pope fylke er kjent for sin flotte natur og innsjøar, også den svært store Lake Minnewaska. 

Då Abraham Lincoln var president i 1860-åra, signerte han Homestead lov, som opna opp i vest for bebyggelse. I følge den loven kunne ein person kreve 160 mål land gratis, dersom han budde der i 5 år og gjorde forbetringar, f. eks. dyrke jorda eller bygde hus og låve. 

To av dei første emigrantane frå Gulen, brødrene Nikolai og Jørgen Johnson frå ytre Midttun ankom i 1869, og gjorde krav på gardar i Chippewa Falls Township, sør for Glenwood, Minnesota i Pope fylke. 

Chippewa elva, oppkalt etter amerikanske indianarar som budde der berre eit par år før, går gjennom området og formar ein mølledam i den vesle landsbyen Terrace, Minnesota. 

Dei første emigrantane, som var bønder, tok med kornet sitt til Terrace Mølle for å male det til mjøl. Mølla, ein stor raud bygning, står der framleis og er restaurert av stiftelsen Terrace Mølle. 


Terrace Mølle. 
Foto: Taryn Nelson Flolid

I nærheten, på ei høgde med utsikt over mølla og mølledammen, ligg Chippewa Falls Lutheran Church, med gravplass rundt kyrkja. Det er fyrst og fremst ei norsk kyrkje, der immigrantane feira dåp, bryllup, konfirmasjon og sørga ved begravelsar. Gudstenester vart haldne på norsk i mange år. 

Mange frå Gulen fylgde etter Nikolai og Jørgen. Brødrene deira, Bertel og Lyder, og systra Brita (Mrs. Søren Høydal) kom tidleg på 1880-talet. Det gjorde også fem av slektningane deira. (fetter, kusine og deira familiar). 

Etter det reiste fleire slektningar, vener og naboar frå Gulen over Atlanterhavet for å slutte seg til dei. Nokre hadde små born fødde i Noreg, og snart vart det fødd mange norsk-amerikanske born i Minnesota. Etterkvart vart det eit lite felleskap av nært samanknytte gulingar, som dreiv jordbruk i lag. 

På 1880-talet hadde landområde i vest Minnesota, ifølge homestead lov blitt gjort krav på. Men dei emigrantane som hadde solgt gardar i Noreg hadde også muligheit for å kjøpe gardar i Minnesota. Nokre kjøpte gardar i Chippewa Falls Township. 

SOO- line, jernbana som gjekk vestover gjennom Pope fylke, gav arbeid for nokre av immigrantane. Det vart og ein veg for andre frå Eivindvik som reiste vidare til Nord Dakota og Canada for å kreve nybyggarland. Dei reiste tilbake til Pope fylke for å besøke slektningar ved spesielle anledningar som 
bryllup, bryllupsdagar, gebursdagar og i sommarferiar. 


Chippewa Falls Lutherske kyrkje sin gravplass. 
Foto:Taryn Nelson Flolid.

Mange av dei som i dag bur i Pope fylke har røter i Gulen. Ved å sjå i telefonkatalogen, eller ved å gå på Chippewa Falls Lutherske kyrkje sin gravplass, vil ein finne namn som stammer frå Gulen som : Johnson, Midtun, Brekke, Brekkestan, Brandanger, Nyhammer, Flolid, Østgulen, Rise, Sandal, Hauge, Brosvig og Tweit. 

Ein lokal bebuar i Chippewa Falls Township og docent ved Terrace Mill Museum, har samla informasjon om dei første bebuarane og deira familie. Dette har gjort det lettare å finne etterkommarar av emigrantar frå Gulen og slektningar som lever idag. Informasjonen heldt på å bli oppdatert. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal