Gulen kommune - 5966
Eivindvik, telefon:
57 78 20 00
Oppretta
som eigen
kommune i 1837 under namnet Evenvik. Kommunenamnet
endra til Gulen i 1890
Kommunenr.:
1411 Fylke:
Sogn og Fjordane Adm.senter:
Eivindvik
Flatevidde: 596 km² Folketal
2 294 (2010) Målform
Nynorsk
Kystkommunen
Gulen ligg heilt sørvest i Sogn og Fjordane på grensa til
Hordaland, og mellom Sognefjorden og Fensfjorden.
Landarealet på 596km²
inneheld ein variert
og spennande natur med 1500 øyar, holmar og skjer, og eit
fastland
som er prega av små dalføre på kryss og tvers i
landskapet.
Spennet er langt frå dei yste nakne øyane mot
Nordsjøen
i vest, til dei frodige landbruksbygdene mellom dei ville fjella i
aust,
mot Stølsheimen.
Dei 2500 fastbuande bur spreidd i
landskapet, og fordeler
seg ganske jamt i dei fire skulekrinsane Brekke, Dalsøyra,
Eivindvik
og Byrknes.
Kommunikasjonane nord- og sørover
er gode. Frå
kommunegrensa i sør er reisetida omlag 1 time med bil til
Bergen,
medan det tek under 1½t å køyre til Bergen eller
Førde
frå Oppedal fergekai nordaust i kommunen. Snøggbåtar
tek deg trygt og raskt til Bergen, Fjordane og Indre Sogn.
|