Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Gard og Grend
 

 

  
Nerdal
Tekst og foto: Scandion

Nerdal ligg ved bygdevegen frå Dalsøyra til Dale, om lag 2 km frå sjøen. 

Husa er 55 m.o.h. I bygdeboka "Gulen i gammal og ny tid", av Ivar Kleiva, kan ein lese at Nerdal frå først av har vore ein lut av storgarden Dale og er utskilt frå den sameleis som dei andre gardane: Vyrkjesdal, Halland og Slengsol. Denne oppdelinga av Dale har truleg gått for seg i førkristen tid. 

Den første køyrevegen frå Dalsøyra til Dale var bygd kring 1860. I åra 1924/26 vart den bygt ny veg frå Dalsøyra til Norddal, med arm til Nerdal, Dale og Vyrkjesdal. Grenda fekk elektrisk kraft i 1945 og telefon i 1952. 


 

Nerdal. Foto: Scandion 


Nerdal. Foto: Scandion. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no