Tekst og foto: Scandion
Skjerjehamn var eit viktig handels- og kommunikasjons - senter
i leia. Det er å tru at hamna har vore søkt og brukt så
langt attende som det har ferdast folk på sjøen i Gulen, og
alt før 1600 må ein tru det må ha vore fastbuande folk
her. Brev datert -Schierhavn den 8 Februar 1641- tyder på at det
alt då må ha vore eit slags gjestgjeveri der. Her var kai og
stoggestad for mange rutebåtar; landhandel, postopneri 1866, telegraf,
pensjonat, trelastlager og oljelager. Postkontoret var lagt ned i 1981.
Transporten vart etterkvart flytta til landevegen, og
Skjerjehamn vart ein stille stad i mange tiår.
Skjerjehamn er i dag eigd av Ola Braanaas, og den erverdige
handelsstaden er igjen ei levande perle på kysten; ein vakker stad,
der mennesker møtast og deler gode opplevingar! Våren 2007
reiste Braanaas til Italia for å hente heim Knut Steen si mektige
statue av Kong Olav V. Den 10. juli blei monumentet reist på Skjerjehamn
og ønsker deg velkommen enten du kjem lande- eller sjøvegen. |