Gulatingseminaret
Internasjonalt Gulatingseminar (30.09.2006)
Gulatingseminaret 8. og 9. september 2006 vart i ein
internasjonal seanse, med innleiarar frå inn og utland. Seminaret
gjekk over to dagar som begge var opne for publikum.
Første seminardagen innleia Barbara Crawford frå
Scotland med å gjere reie for tingstadane på Orknøyane
og Isle of Man.
Crawford har spesialisert seg på dei nordiske busetnadane
i det noverande Skottland i vikingtid og mellomalder, og skreiv ein oversikt
over ”The Scandinavian Scotland” (”Det skandinaviske Scotland”) i 1987.
For sin faglege innsats er ho valt inn i det skotske vitskapsakademiet
(Royal Society of Edinburgh) og i Det Norske Videnskaps-Akademi. Det var
soleis eit selebert besøk i Gulen denne helga.
Frå Tyskland kom Gertrud Thoma som er universitetslektor
i mellomalderhistorie ved Universitetet i München. Ho arbeider med
tilhøva for bønder i Bayeren og Tyrol i mellomalderen, og
deira deltaking i landsbyforsamlingar og rettsinstitusjonar.
Thoma fortalde om dei tidlige bondetinga i Bayern og
Tyrol, og fortalde om dei to plassane Garmich og Partenkirchen – opphavleg
to byer som til slutt vaks saman og vart Garmich-Partenkirchen. I dag mest
kjend som arena for vinteridrett, men desse stadane var opphavleg tingstader
på same måte som Gulatinget.
Deretter var det omvisning i Eivindvik ved Knut Helle
som blant anna hadde nye moment om steinkrossane i Eivindvik. Til saman
eit førtitals steinkrossar er førte opp langs vestkysten,
og prøvar viser at dei aller fleste av dei vi finn i Sogn og Fjordane
er av Hyllestadstein.
Dernest fortalde Magnús Stefánsson fra Island
om det islandske tingsystemet og samanlikna det med Gulatinget, før
John Ragnar Myking presenterte utdrag fra sitt kjeldemateriale frå
rettssaker på bondetinga i Gulen. Myking held også innlegg
den andre dagen av Gulatingseminaret, og det vanka både smil og lått
då han drog fram morosame eksempel på kva saker datidas gulingar
drog kvarandre til tings for. Det var lett å flire av 16-1700 tals
gulingane som rota seg bort i sedløyse, krangla med naboen og drog
kvarandre til tings etter at vonde ord hadde falle. Ofte var det æra
som sto på spill, og tinget vart då staden der ein kunne reinvaske
namn og ære. Ære og eigedom sto høgt, og simpelt tjuveri
vart straffa med døden. Utruskap vart ikkje behandla så alvorleg
som ein kanskje ville tru, men valdtekt var ”ubotarmål” – ein gjerning
så grov at den ikkje kunne straffast.
I staden vart gjerningsmannen lyst fredlaus og kunne
takast av dage ustraffa av kven som helst.
Seminaret vart avslutta med Arkadiy Zaitsev frå
St. Petersburg som snakka om tidleg demokratisk utvikling i Novgorod (omtala
som ”Holmgard” i vikingtida) i Russland. Novgorod var den russiske staten
si vogge.
Hit kom også skandinaviske vikingar så tidleg
som på 800- talet. Zaitsev hevda å ha kjelder som synte at
både Harald Hårfagre og Harald Hardråde hadde vore i
Novgorod! Til minne om Eivindvik fekk alle innleiarane og debattantene
kvar sin angliske kross i miniatyr, huggen i Hyllestad.
Etter seminaret var det omvisning på Tusenårstaden
Gulatinget. Ærverdige MS Bruvik la til kai med over 200 passasjerar.
Desse var heldige og fekk ei orientering om Gulatinget
og Gulatingslova av Knut Helle. Eit svært populært tiltak!
Etter dette fekk innleiarane sitte på med ”Bruvik” attende til Bergen
– ubetinga positive over ei minnerik helg i Eivindvik.
Anne-K. Misje
Teknisk arrangør for Gulatingseminaret
Styrande og styrte (05.09.2005)
TEMA for Gulatingsseminaret på Flolid nyleg var
"Avstanden mellom styrande og styrde". Det er eit viktig tema, og i si
helsing til seminaret sa ordførar Trude Brosvik i Gulen at den lokale
makta vert Svarteper i det store maktspelet der sentrale styresmakter tek
mesteparten av potten. Les meir på smp.no
Imponerande Gulating om avstanden mellom styrande og styrde
(29.08.2005) "Skal kommunen som politisk organ atterreisast må det
bli slutt på den sentraliserte statsstyringa," var eit av varskua
som vart ropte frå talarstolen på Gulatinget; denne gongen
av professor Per Selle. Les meir på sf-f.kommune.no
Gulatingseminaret 2005 (27.08.2005)
Statsminister Kjell Magne Bondevik konsentrerte seg om
dei lange historiske linjene i sitt innlegg på folkemøtet
under Gulatingsseminaret 2005 på Tusenårsstaden Gulatinget
på Flolid laurdag 27. august. Les
innlegget her |