Frå Gulating til Storting
Tekst: Anne K. Misje (05.03.08)
Mandag 3. mars hadde ein delegasjon med ordførar
i Gulen kommune Trude Brosvik, Prosjektleiar for Tusenårsstaden Gulatinget
Anne-K. Misje og Utviklingsdirektør v/United World College Magne
Bjergene eit hyggeleg møte med Stortingspresident Thorbjørn
Jagland.
F.v. Anne K. Misje, Magne Bjergene, Thorbjørn
Jagland og Trude Brosvik.
Ordføraren orienterte Stortingspresidenten om bakgrunnen
for at Gulatinget blei valt som tusenårsstad i Sogn og Fjordane,
og ga ein kort orientering om det internasjonale engasjementet som ligg
i utviklingsarbeidet knytta til prosjektet.
Misje orienterte om Gulatinget si nasjonale politiske,
juridiske og forsvarshistoriske betydning, og om planane for eit Tingstadnettverk
mellom dei nordiske og nordeuropeiske landa. Jagland blei også informert
om planane for ein samarbeidskonferanse mellom ei rekkje nordiske og nordeuropeiske
land på Gulatinget i juni 2008.
Stortingspresidenten blei videre informert om at Gulatinget
har muligheit for å få plass på UNESCOs Verdenssarvliste
saman med Thingvellir på Island og evt. andre tingstader. Island
har signalisert at dei vil stille seg bak ein søknad frå Noreg
om slik plassering for Gulatinget dersom norske myndigheiter ønsker
dette.
Jagland fekk ved slutten av møtet overrekt professor
Knut Helles praktbok om Gulatinget og Gulatingslova. |