Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Gulatinget
Gulatingslova

 

 
Gulatingslova
Forfattar: Scandion. (27.02.08)


Ratzauboka / Gulatingslova. Foto: Anne-Karin Misje

Gulatingslova vart til i Gulen - og som den eldste kjente, bevarte lovsamling i Norden er den viktig både for vår identitet og nasjonale sjølvkjensle. Det var i Gulen at  Noreg først vart ein rettstat der samfunnet vart regulert med lov og dom. Dette er grunnlaget for rettstryggleik, noko som er heilt avgjerande for menneskerettar og fredleg utvikling av eit samfunn.

Gulatingslova, eller Rantzau-boka, som ho no vert kalla, etter familien som i si tid eigde henne, ligg i kvelvet på Det Kongelige Bibliotek i København. Ein må søkja om å få sjå boka - og Anne-Karin Misje, prosjektleiar for Tusenårstaden Gulatinget, var overlukkeleg då ho fekk sjå boka 16. februar 2008. Boka, som sjølvsagt er handskiven, er svært vakker med fargelagde dekorasjonar. Boka stammar frå 1200-talet, den gong Bergen var landets hovudstad.
 

Frå venstre: Siri Ingvaldsen (jobbar med å lage ein database om Gulatinget til bruk i pedagogisk samanheng), Lone Ømann (kontaktperson ved kgl. bibliotek i København), Magne Bjergene  (leiar for Haugland FOU som har oppdraget) og Erik Petersen som er forskar på Handskriftavdelinga v/Kgl. bibl. Han er den som til daglig tek hand om Rantzauboka. Foto: Anne-Karin Misje

Gulatingslova

Gulatingslova var ei lov som gjaldt for Gulatinget, det vil seia store delar av Vestlandet. Ein reknar med at dei eldre delane av Gulatingslova stammar frå før år 900. Gulatingslova er den eldste av landskapslovene i Noreg. Snorre Sturlason skreiv i Heimskringla at kong Håkon I den gode sette Gulatingslova med råd av Torleiv Spake. Truleg er lova endå eldre enn det, på grunn av at lova om lag 930 vart teke som mønster for Ulvljotslova på Island. 

Det meste av Gulatingslova er eldre enn vanleg bokskrift i Noreg. Før lovene vart skrivne i bok, sa lagmennene lova fram på lagtinget, sameleis som lovseiemannen til islendingane sa deira lov fram på Alltinget. Det som lagmannen sa, er i Gulatingslova kalla «lovmålet»; det var den gjeldande lova. På 1000-talet skreiv dei opp lovmålet. Det nedskrivne må ha vore godkjend på lagtinget, slik at boka vart ei verkeleg lovbok, ikkje berre ei rettleiing for lagmennene. Denne lovboka kalla dei Gulatingsboka. 

Historikaren Knut Helle skriv slik om lova: «Ein skal ikkje lesa lenge i Gulatingslova før ein veit kvar ein er i landet. Her kan folk bu så høgt oppe i fjellet eller langt ute i øyane at ufarande sjø og fjell kan hindra dei i å føra lik til kyrkjegarden. Langs kysten bind hovudleia landet saman og fører til og frå andre landsdelar. Frå leia er det råd å ro og sigle på fjordane langt inn i landet. Fjordar og fjell skil bygdene frå kvarandre, og elvane kan vere vanskelege å kome over. Der går laksen opp mellom fjøre og fjell, og det er fisk, sel og kval i havet utanfor. I fjellet trugar bjørn og ulv». 

Gulatingslova var gjeldande heilt til kong Magnus Lagabøter si landslov vart vedteke på tinga mellom 1274 og 1276. Landslova vidareførte rettspraksisen frå Gulatingslova. Kjelde: Nynorsk Wikipedia

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredakt?r: Magne Opdal