Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Kultur
Bygdebøker

 

  
Gulen i gammal og ny tid 
Tekst: Scandion

Ivar Kleiva var forfattar av den første bygdeboka «Gulen i gammal og ny tid» som kom ut i 1973. Med fiskebåten «Gunnar» kom han, saman med kona Frida og dei tre borna, til Gulen i august 1946 for å ta fatt som skulestyrar på Dalsøyra 4. delte skule. 

Gards- og ættesoga for Gulen fortel om 116 gardar og om lag 860 matrikulerte bruk og noko over 100 husmannsplassar. i tidsrommet frå kring år 1600 til 1996.

Foto av Ivar Kleiva på 90-årsdagen med kongens fortenestemedalje i sølv.

Samfunnsinteressert 
Ivar Kleiva var f. 17. mai 1903 i Eidsdal på Sunnmøre. Han var svært samfunnsinteressert og i Gulen vart det 25 år i kommunestyret, formannskapsmedlem i mange periodar, medlem av skulestyret, formann i folkeboksamlinga, i Gula lærarlag, Gulen Arbeidarparti, Gulen Mållag, ungdomslaget «Fridom»; og ikkje minst: I 20 år var han dirigent for songkor, m.a. Dalsøyra songkor. Kleiva er heidra med kongens fortenestemedalje i sølv for sitt samfunnsnyttige arbeid gjennom mange år. 

Med si store interesse for soge og folkeminne, vart han etterkvart oppteken av Gulen si fortid, gjorde opptak til ei skriftnemnd, og i 1967 fekk han fri frå lærargjerninga for å skrive ei gards- og ættesoge for Gulen. Ho kom ut i 3 band i 1973. 

Ivar Kleiva hadde god hjelp av notater samla av Karl Larsson Birknes, eller Karl Gåta, som han kalla seg i mogen alder. Karl var f. 6. januar 1875 og døydde 6. mai 1940. 

 
Foto av Karl Gåta framfor gamlehuset på Byrknes. 

Alt i 1895 tok Gåta til å skrive dagbok - ikkje berre om dagsens store og små hendingar, men og opplysningar av mange slag, og gardar og ætter i Gulen, Solund og Brekke. Han hadde tankar om å få til eit bygdearkiv for Gulen, som deretter kunne være kjelde for ei bygdebok. I dette arbeidet, så og seie utan noko godtgjerdsle, nytta han kvar ledig stund så lenge han levde. Han skreiv av mange tusen sider i arkiva; kyrkjebøker, folketeljingar, matriklar, skattelister, og mangt og mykje anna. 

 
Ivar Kleiva skriv i forordet at utan dette kjempearbeidet til Gåta hadde det vore uråd å skrive ei så utførleg og heilsleg bygdebok for Gulen. 

Karl Gåta rakk og å skrive ei ruvande skulesoge for Gulen - frå dei eldste tider til kring år 1900. Manuskriptet er diverre bortkome, men ein del av innhaldet finst likevel enno, spreidd i nokre av dagbøkene hans. 

Etter at Karl Gåta døydde i 1940 kjøpte Gulen Herad samlingane hans, men arbeidet med bygdeboka låg nede til kring 1950. Då vart Ivar Kleiva oppmoda frå det nyskipa Gulen Sogelag om å ta opp att innsamlingsarbeidet, først med registrering og utfylling av samlingane etter Karl Gåta, og sidan med å samle meir tilfang som trongs. I 1967 vart Kleiva oppmoda av Gulen Formannskap til å skrive ei gards- og ættesoge for «det gamle Gulen». 

2. og reviderte utgåve 
Arbeidet med 2. og reviderte utgåve av bygdebøkene for Gulen tok til som eit kommunalt prosjekt i mai 1995. Gulen kultursogenemnd var styringsgruppe for prosjektet - med Andreas Grinde som leiar. 

Det nye tilfanget spenner over eit tidsrom på om lag 30 år og bøkene kom ut i 1996. Mange bilete er komt med, dei fleste frå kommunen sitt fotoarkiv. 
------------------------------------------------------------ 
Bilete og kjelde: Bygdebøkene «Gulen i gammal og ny tid» og Kultursogeskrift 1994. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no